SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 190 skann 192

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 190 4.3. Organisasjonsformer Organisatorisk differensiering Ein reknar med at skolane har høve til - etter nærmare retningslinjer - å samle elevane i formålstenlege arbeidsgrupper for å kunne gi eit undervisningstilbod som passar for kvar elev på hans eller hennar grunnlag og etter hans eller hennar føresetnader. Dei ulike gruppene eller klassane arbeider altså etter same fagplanen, mot same målet og mot ei felles vurdering, men med eit arbeidsstoff som heilt eller delvis blir lagt til rette for ulike faglege nivå. Av omsyn til den felles vurderinga er det nødvendig at elevane, så langt det er mogleg, går igjennom kjernestoff. Differensieringa bør likevel kunne gå nokså langt, m.a. fordi ein både i og utanfor det oppgitte kjernestoffet har relativt stor valfridom når det gjeld emne. Oppgåvene til felles vurdering vil ta utgangspunkt i kjernestoffet og kan få litt ulik utforming etter behovet i dei enkelte kursa. Differensiering i klassen/gruppa I dei arbeidsgruppene som kvar skole kan organisere ut frå dei spesielle forholda ved skolen, vil det igjen vere behov for ulike former for differensiering etter stoff, nivå og tempo. Ved stoffleg differensiering prøver ein å dekkje dei ulike interessene elevane kan ha ut frå fag eller yrkesbehov. I ein del periodar av kurset vil kravet om stoffleg differensiering vege tungt: t.d. ønskjer elevar i grunnkurs kombinert med yrkesfag gjerne å få meir yrkesretta oppgåver enn elevar i studieretning for allmenne fag. Kjernestoffet er stort sett felles for alle elevane i klassen eller gruppa, men dei tekstane og oppgåvene som ein vel innanfor kjernestoffet, kan vere prega av den yrkesretninga klassen eller gruppa har. Ut over kjernestoffet må det vere rimeleg høve for elevane til å velje stoff etter individuelle interesser og etter lokale tilhøve. Ved nivådifferensiering tek ein omsyn til den ulike arbeidsevna og arbeidstempoet hos elevane. Det må vere mogeleg for dei elevane som arbeider snøgt, å få meir stoff og eventuelt meir krevjande stoff i det same eller liknande emne. Tempodifferensiering kan på denne måten føre til ulike gradar av fordjuping i eit emne. Ein del av differensieringstiltaka, t.d. ulike former for lesing og skriftleg arbeid, kan ein gjere i klasserommet. Øving i munnleg språkbruk kan enkeltelevar eller grupper av elevar gjennomføre dersom dei har høveleg utstyr i form av kassettspelar eller språklaboratorium. Elevane må derfor få arbeide i spesialrom eller bibliotek med nødvendige hjelpemiddel i ein del av undervisningstida. Ein del elevar vil vere i stand til nokså kontinuerleg å lese ein del supplerande stoff som dei har særleg interesse for i tillegg til kjernestoffet i klassen. Men da må dei alltid ha tilgang til slikt supplerande stoff.
Skann 192 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 190». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/192/