SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 192 skann 194

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 192 5.2. Vurdering i faget Vurderinga må byggje på målet for faget og det arbeidet som er gjort både når det gjeld kjernestoff og tilvalsstoff. Vurderinga må dessutan ha grunnlag i det arbeidet elevane har gjort gjennom heile skoleåret på eiga hand og i fellesskap med andre. Både når ein vurderer den munnlege og skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på den evna elevane har til å ordleggje seg rett og greitt, kor rik språkføring dei har og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein må her vere merksam på at språk og litteratur er jamstelte fagområde. Ein skal og ta omsyn til dei tilleggsarbeida elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, særoppgaver eller andre emne dei har arbeidd særleg med. Munnleg dugleik Grunnlaget for å vurdere munnleg dugleik har læraren i det daglege skolearbeidet, ved særskilde prøver og ved særlege oppgåver som elevane tar på seg, t.d. foredrag, orientering, særoppgave 0.1. Skriftleg dugleik Grunnlaget for å vurdere skriftleg dugleik finn læraren i ulike former for oppgåver som t.d.: - oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale - vanleg fri stil 5.2.1 . Prøver gjennom året Prøvene i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øvingar. Det er om å gjere å finne fram til prøver som viser elevane sine evner til å setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne og vurdere det kritisk. Både dei skriftlege og dei munnlege prøvene bør vere av skiftande slag, slik at elevane kan få syne kva dei kan på ulike område. 6. HJELPEMIDDEL Til undervisninga i morsmålet må skolen ha - eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur i begge norske målfor mer - klassesett av høveleg nordisk skjønnlitteratur, og av ikkje-nordisk skjønnlitteratur i omsetjing - klassesett av samisk skjønnlitteratur, både omsett og i original - skolekringkastingsprogram, klassesett av teksthefta og lydband med god tek nisk kvalitet - utval av innlesen skjønnlitteratur på lydband eller plater - dialektprøver inntalte på band og teksthefte til prøvene
Skann 194 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 192». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/194/