SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 186 skann 188

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 186 B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT 1 og 2, og anten 3 eller 4 er kjernestoff. 1. Det 20. hundreåret Ein roman eller eit drama Eit utval noveller, essay og sakprosa (ca. 20 s.) Eit utval dikt (10 s.) 2. Samisk litteratur og litteratur frå andre land Samisk litteratur i omsetjing eller skriven på norsk av samar (ca. 20 s.) Litteratur i original skriven på svensk (ca. 10 s.) Dansk litteratur i original (ca. 10 s.) (Om ein ønskjer det, kan ein ta dei 20 sidene frå heile verk.) Eitt verk i omsetjing (eller ca. 40 s. kortare tekstar) som ikkje er på svensk eller dansk (Stoff frå pkt. 2 er ikkje bunde til nokon bestemt litterær periode eller genre.) Anten 3 Periodestudium (epokestudium) (T.d. mellomalderen, dansk-norsk felleslitteratur, periodar i det 19. eller 20. hundreåret.) Utvalet av litteratur må vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved den perioden (epoken) eleven vel. Utvalet skal ein lese dels som fordjupningslesing, dels som oversiktslesing. Eller 4 Tema-, genre- eller forfattarstudium. Utvalet av litteratur må vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved det temaet / den genren / den forfattarskapen elevane vel. Utvalet skal ein lese dels som fordjupingslesing, dels som oversiklslesing. Arbeidet med litteraturhistoria skjer i tilknyting til tekstlesinga. Dei elevane som ikkje har fått innføring i filmkunnskap og filmforståing på 1. eller 2. årssteget, kan byte det litterære periode-, tema-, genre- eller forfattarstudiet ut med ei innføring i filmkunnskap eller filmforståing. Eit anna alternativ til periode-, genre- eller forfattarstudiet er nemnt under det 3. årssteget, 111. Språkkunnskap, pkt. 3. Med oversiktslesing meiner ein at eleven skal kjenne grunntrekka av verket slik at han kan gi att hovudinnhaldet i det og plassere det i litteraturhistorisk og tematisk samanheng, og avgjere kva for genre det høyrer til. C. STUDIETEKNIKK Som for det 2. årssteget.
Skann 188 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 186». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/188/