SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 185 skann 187

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 185 111. Språkkunnskap Emneliste for 3. årssteget 1. Formalkunnskap Vidareføring av arbeidet på det 1. og 2. årssteget. Det formelle i grammatikk, ortografi og ordlære bør vere fullført, og ein bør ta sikte på å arbeide meir med stilistiske emne og språkproblem, og emne som går på bruken av språket. 2. Språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar (Elevar som har følgt emnelista for språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar på det 2. årssteget, kan sløyfe arbeidet med språkhistorie på det 3. årssteget, og elles berre lese det tekstutvalet i norrønt mål og dialektar som er nemnt nedanfor.) Innføring i viktig språkhistorie, med vekt på - norrøn og mellomnorsk tid, t.d. med litt bakgrunn for dialektutviklingar i norsk. Ei kort og enkel innføring i norrønt mål ut frå ein eller få lette norrøne tekstar, som berre tener til eksemplifisering. (Ein bør sjå innføringa i norrønt mål saman med det som er sagt om norrønt mål nedanfor.) - tida etter 1830, med vekt på å forstå språkpolitikk og målkløyving i Noreg fram til våre dagar - noko kjennskap til dei andre nordiske språka, t.d. gjennom korte tekstprøver - kjennskap til språkpåverknader mellom språka på Nordkalotten Noko kjennskap til dei viktigaste dialekttrekka i Noreg (jamvekt, tjukk 1, palatalisering, blaute konsonantar) og til dei viktigaste dialektgrensene, for at elevane skal forstå og respektere det folkelege talemålet betre, og gjennom det få større språkleg toleranse. Ein skal lese fem ulike dialektprøver med dette siktemålet. Ei kort innføring i norrønt mål, som tek sikte på å gi elevane noko kjennskap til systemet i det norrøne målet og til somme særtrekk ved språket i forhold til moderne norsk (bøyingsspråk, kasusspråk, ordstilling). Ein skal lese ca fire sider lette tekstar med dette siktemålet, men det blir ikkje stilt strenge kunnskapskrav når det gjeld gloser og bøyingar. (Inntil tre av desse sidene kan vere nyislandsk.) Dersom ein ønskjer det, kan ein leggje noko større vekt på språkhistorie, norrønt mål, dialektar og språksosiologi. Eit slikt opplegg kan ein velje i staden for periode-, eller tema-, genre- eller forfattarstudiet i litteratur. Ein skal da lese sju sider norrøne tekstar ekstra, men noko større krav til omsetjing og opplesing. Dessutan blir det kravt ei grundig innføring i dialektane, idet ein skal gå igjennom om lag fem sider dialektprøver ekstra frå ulike kantar av landet. Elevane skal da ha kjennskap til særdraga i dei dialektane dei les prøver på.
Skann 187 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 185». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/187/