SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 184 skann 186

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 184 Det 20. hundreåret Eit utval kortare tekstar (ca. 50 s., sakprosaen skal vere ca. 1/5 eller meir) Både for a 1 og a 2 gjeld at arbeidet med litteraturhistoria må skje i samband med tekstlesinga. Anten b 1 Verk (romanar, skodespel frå det 18. og 19 hundreåret) (gjerne ein Holberg komedie). (Eventuelt kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) i staden for verk) (Somme av dei kortare tekstane kan eventuelt vere frå det 20. hundreåret) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eller b 2 Verk (romanar, skodespel frå det 18., 19. og 20. hundreåret) (Eventuelt korte tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) i staden for verk.) (Dei kortare tekstane kan ein velje frå det 20. hundreåret.) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Somme av dei korte tekstane under b 1 og b 2 bør vere svenske og danske originaltekstar (ca. 5 s. av kvar). C. STUDIETEKNIKK Her følgjer ein opp arbeidet frå det 1 . årssteget i den grad det er nødvendig. 3.1 .3. Emneliste for 3. årssteget A. SPRÅKLEGE HOVUDPUNKT I. Munnleg bruk av språket Emneliste for 3. årssteget Vidareføring av aktivitetane frå det 1. og 2. årssteget, så langt det er naturleg og ønskjeleg. Krava til prestasjonar og framføring aukar. Ved slutten av kurset bør elevane ha fått godt herredøme over form og uttrykksmåte i munnleg framstilling. 11. Skriftleg bruk av språket Emneliste for 3. årssteget Vidareføring av oppgåvetypane frå det 2. årssteget. Vanskegrad, omfang og krav til innhald og form aukar. Hovudmengda av oppgåvene må ein hente frå gruppa resonnerande framstillingar, men også dei andre gruppene bør vere representerte, særleg oppgåvetypar som personleg forma essay og tolking av litterær tekst. Målet for undervisninga i skriftleg bruk av språket kan ein best skissere ved å vise til omtalen av dei aktuelle oppgåvetypane til eksamen i vurderingsordninga (sjå vedlegg).
Skann 186 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 184». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/186/