SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 183 skann 185

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 183 3. Innføring i mediekunnskap I samband med behandlinga av stilistiske emne, vil det vere nyttig å gi ei kort innføring i ulike medium, så som bilete, film, presse og kringkasting, og den rolla dei spelar i samfunnet no. B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT Litteraturlesing på det 2. årssteget har to hovudfunksjonar. Ho skal gi elevane oppleving, litteraturhistorisk oversyn og samanheng. Stoffet skal ein i hovudsak ta frå tida før 1900 og stort sett lese det som oversiktslesing. (Om oversiktslesing, sjå Litterære hovudpunkt under emneliste for 3. årssteget.) Det stoffet som er ført opp under a, er kjernestoff. Stoffet under b er meint anten som supplement for heile klassen, ekstralesing for grupper i klassen eller tilvalslesing. Stoffet under b kan ein og hente frå litteraturen i andre land og frå ulike genrar som t.d. dokumentarlitteratur, kriminallitteratur, biografiar, populærvitskaplege skrifter, science fiction og reiseskildringar. Anten a 1 Mellomalder og folkedikting: Eit prosaverk (t.d. (utdrag av) ei ættesoge eller utdrag av Snorres Kongesoger eller frå Gylfaginning) (ca. 10 s.) Eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad Ei folkevise Eventyr og segner (10 s). Halvparten av desse må hentast frå samisk tradisjon Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret Eit større verk Eit utval dikt (5-10 s.) Eit utval korte tekstar (ca. 50 s.) Eller a 2 Mellomalder og folkedikting: Ei ættesoge (eller tilsvarande prosastoff) (ca. 10 s.) Eventyr og segner eller ei folkevise (5 s.) Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret Eit verk Eit utval dikt (ca. 5 s.)
Skann 185 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 183». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/185/