SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 182 skann 184

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 182 Personleg prega framstillingar — Skildring, skisse - Forteljing - Omsetjing - Lesarbrev - Personleg forma essay - Tolking av litterær tekst - Novelle, dikt, collage - Petitkåseri, humoreske Resonner ande framstillingar - Debattinnlegg - Tolkingar, presiseringar - Argumentasjon og/eller dokumenterande oppgåver - Resonnerande oppgåver, gjerne med vurdering (Mange av desse oppgåvene vil det vere naturleg å gi som stil.) Yrkesretta oppgåver - Forretningsbrev og søknader - Arbeidsrapportar - Fullmakter og avtaler 111. Språkkunnskap Emneliste for 2. årssteget (Dei fire hovudgruppene nedanfor er kjernestoff (i kursiv). Den detaljerte lista over ulike oppgåvetypar under kjernestoffet er ikkje bindande, og føresetnadene til elevane vil avgjere i kor stor mon og kor grundig ein skal arbeide med dei oppgåvetypane det er gjort framlegg om.) 1. Formalkunnskap Vidareføring av emna frå det 1. årssteget. Grundig behandling av stilistiske emne, alt etter forholda i klassen. 2. Språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar Innføring av viktige delar av norsk språkhistorie, med vekt på - norrøn og mellomnorsk tid, bl.a. med noko av utgangspunktet for dialektutviklingar i norsk. Ei kort og enkel innføring i norrønt mål ut frå ein eller få lette norrøne tekstar, som berre tener til eksemplifisering - tida etter 1830, med vekt på å forstå språkpolitikk og målkløyving i Noreg fram til våre dagar - noko kjennskap til dei viktigaste dialekttrekka i Noreg (jamvekt, tjukk 1, palatalisering, blaute konsonantar) og til dei viktigaste dialektgrensene, for at elevane skal forstå og respektere det folkelege talemålet betre, og gjennom det få større språkleg toleranse. (I klassar eller grupper der alle elevane skal halde fram på det 3. årssteget, kan ein føre over litt av stoffet under punkt 3, ovanfor, dersom det er ønskjeleg. Ein må i alle høve unngå at elevar som held fram på 3. årssteget, må ta opp att arbeidsstoffet unødvendig.)
Skann 184 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 182». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/184/