SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 181 skann 183

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 181 Eller b 2 Eit skodespel Ein roman eller eit utval kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) (gjerne også frå andre epokar enn det 20. hundreåret) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) På det 1. årssteget er det viktig at tekstutvalet tek sikte på å utvikle lesegleda hos elevane og lysta til å arbeide med litteratur. Tekstutvalet skal elevane stort sett lese som fordjupingslesing. Ein del av tekstane bør vere frå nordnorsk litteratur der fleirkulturelle forhold blir tekne opp. Det kan vere naturleg å ta opp litt litteraturhistorie i samband med tekstlesinga C. STUDIETEKNIKK Særleg på det 1. årssteget er det nyttig at ein medvite arbeider etter ein bestemt arbeidsteknikk og etter ein bestemt plan. Men dette arbeidet må ikkje utvikle seg til ei eiga verksemd på sida av dei andre aktivitetane i faget. Leseteknikkar (oversikts-, nær- og skumlesing) Notatteknikk Bruk av oppslagsbøker og bibliotek 3.1 .2. Emneliste for 2. årssteget A. SPRÅKLEGE HOVUDPUNKT I. Munnleg bruk av språket Emneliste for 2. årssteget Vidareføring av aktivitetane frå det 1. året så langt det er naturleg og ønskjeleg. 11. Skriftleg bruk av språket Emneliste for 2. årssteget (Dei fire hovudgruppene nedanfor er kjernestoff (i kursiv). Den detaljerte lista over ulike oppgåvetypar under kjernestoffet er ikkje bindande, og føresetnadene til elevane vil avgjere i kor stor grad og kor grundig ein skal arbeide med dei oppgåvetypane det er gjort framlegg om.) Sak-lsituasjonsbundne oppgåver - Sakleg skildring av ulik art - Omsetjing - Rapport, referat (frå tekstar, bandopptak, foredrag, diskusjon, resymé) - Kommentarar (til tekstar og bandopptak) - Oversikt
Skann 183 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 181». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/183/