SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 180 skann 182

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 180 1. Formalkunnskap - Øving i ortografi og teiknsetjing - Gjennomgåing av og øving i ordklassar og setningslære (Samanlikne samisk og norsk grammatisk system) - Arbeid med orddanning, framandord og lånord - Arbeid med sikte på å auke ordforrådet i norsk - Skjerping av sansen for ordvalørar - Arbeid med enklare stilistiske emne (ufullstendige setningar og periodar, upersonleg uttrykksmåte o.l.) 2. Språksosiologi - Kjennskap til ein del språksosiologiske omgrep — Finne ut kva tospråkleg situasjon betyr for elevane, og for det samfunnet dei bur i - Sjå på korleis tospråkleg livssituasjon kan tene elevane i arbeidet med norsken både munnleg og skriftleg B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT Hovudmengda av den litteraturen som ein les dette året, hentar ein frå det 20. hundreåret. Det stoffet som er ført opp under a, er kjernestoff. Stoffet under b er meint an ten som supplement for heile klassen, ekstralesing for grupper i klassen eller in dividuell tilvalslesing. Stoffet under b kan ein også hente frå litteraturen i andre land, og frå ulike genrar som t.d. dokumentarlitteratur, kriminallitteratur, biografiar, populærvitskaplege skrifter, science fiction og reiseskildringar. Anten a 1 Ein roman Eit skodespel (eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eit utval kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa) (ca. 20 s.) Eit utval dikt (ca. 5-10 s.) Eller a 2 Ein roman (eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eit utval kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa) (ca. 75 s.) Eit utval dikt (ca. 5-10 s.) Anten b 1 Ein (eller fleire) roman(ar) (gjerne også frå ein annan epoke enn det 20. hundreåret) Eit utval noveller, essay, sakprosa og dikt (gjerne også frå andre epokar enn det 20. hundreåret) Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing
Skann 182 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 180». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/182/