SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 178 skann 180

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 178 og aktivitetar, tenkje på den studieretninga elevane har valt. Føresetnadene til elevane vil derfor i vesentleg grad avgjere kor stor vekt ein skal leggje på dei ulike emna i emnelistene. Kjernestoffet og det oppgitte minstesidetalet i litteraturen må ein i enkelte tilfelle sjå på som rettleiande og ikkje bindande. 3.1 .1 . Emneliste for 1 . årssteget A. SPRÅKLEGE HOVUDPUNKT I. Munnleg bruk av språket Utviklinga av elevane si evne til å bruke norsk munnleg er ei viktig side av faget. Eitt mål for den munnlege undervisninga må vere at elevane kan lese tydeleg og riktig, og kan oppfatte og formidle innhaldet i tekstar som dei arbeider med. Vidare bør undervisninga sikte mot å gi elevane så godt rådvelde over den munnlege forma og uttrykksmåten som kvar elev har føresetnader for. Elevane bør også få bruke sin eigen dialekt og lære å forstå verdien av dialektane og av god munnleg språkføring. Lista over munnlege aktivitetar er ikkje bindande. Ulike forhold i klassen vil avgjere kva ein skal gjere, og korleis ein skal gå fram. Læraren må prøve å innby til munnlege aktivitetar når det er naturleg, til samtalar i samband med det faglege arbeidet, drøfting i tilknyting til skriftlege arbeid, diskusjon, gruppearbeid, foredrag osv., og drøfting av aktuelle hendingar i skolemiljøet og elles. Emneliste for 1. årssteget (Døme på munnlege aktivitetar; kjernestoffet er i kursiv.) Høgtlesing (og stillelesing med etterfølgjande utgreiing) Samtale (gruppe eller klasse) Orientering, demonstrasjon, presentasjon Framlegging av t.d. rapport, referat, utgreiing Diskusjon (gjerne med førebudde innlegg) Enkle foredrag Dramatisering Song Kritisk studium av massemedium (aviser, bøker, brosjyrar o.l.) Møteleiing Intervju 11. Skriftleg bruk av språket Undervisninga bør ha som grunnlag å føre elevane inn i ulike språkfunksjonar, i skilnadene mellom objektiv og subjektiv språkbruk, og i den påverknaden skrivesituasjonen har på språkbruken. Men denne innføringa skal ikkje vere noko mål i seg sjølv. Målet må vere å utvikle den skriftlege evna hos elevane alt etter føresetnadene deira, slik at dei på best mogleg måte kan gi uttrykk for det dei veit, tenkjer og kjenner i eit korrekt og klart språk med orden og logisk samanheng i framstillinga.
Skann 180 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 178». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/180/