SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 177 skann 179

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 177 3. ARBEIDSSTOFF Gjennom eit variert utval av oppgåver og verksemder må ein prøve å utvikle og øve opp språkdugleiken og litteraturkunnskapen hos kvar el ;v. Det er viktig å finne arbeidsstoff som er tilpassa både det nivået elevane står på, den studieretninga dei har valt og den samiske kulturbakgrunnen. Samtidig må ein hugse på at norsk er eit allmennfag, der elevane bør få oppleve at språket og litteraturen knyter seg til andre felt i samfunns- og kulturlivet enn det feltet deira studieretning omfattar. Ein bør i det heile prøve å unngå at norsk blir eit «studieretningsfag» i staden for eit allmennfag. 3.1. Emnelister 3.1 .0. Generelt om dei tre årsstega Dei tre årsstega er bygde opp som avslutta einingar, men ein bør leggje arbeidet opp med sikte på ein naturleg progresjon over to eller tre år. I emnelistene må ein av praktiske grunnar skilje mellom dei to hovuddelane av faget, den språklege og den litterære delen. I undervisninga bør ein så langt det er mogleg sjå dei ulike delane under eitt og la dei verke saman. Den språklege delen omfattar - systematisk undervisning i å bruke språket munnleg og skriftleg. Ein bør freiste å bruke dei tilknytingspunkta som finst mellom dei to bruksområda. - undervisning i språkkunnskap, der ein arbeider inn viktige grammatiske omgrep, øver inn sentrale formalkunnskapar, får innføring i elementær stilistikk og drøftar aktuelle språkproblem. Så langt råd er må dette knytast til felles problem i språksituasjonen til elevane. - gjennomgåing av norsk språkhistorie med ei kort innføring i norrønt mål og norske dialektar og litt om sambandet mellom gammalnorsk/urnordisk og samisk, og noko kjennskap til dei andre nordiske språka - drøfting av omgrepet tospråklegheit Den litterære delen omfattar - lesing av og arbeid med eit utval norsk litteratur - lesing av eit utval litteratur frå dei andre nordiske landa - innføring i elementær litteraturteori - innføring i og kjennskap til sentrale delar av norsk litteraturhistorie - kjennskap til nordisk litteratur og til verdslitteraturen elles Arbeidsteknikk er viktig i alle fag, men i norsk er arbeidsteknikken i større grad enn elles knytt til aktivitetar i faget. I emnelistene er somme emne definerte som kjemestoff som dei fleste elevane skal arbeide med, mens dei kan arbeide med dei andre emna etter ønske og behov. Når det gjeld fagleg progresjon, er det viktig at undervisningsopplegget i norskfaget tek utgangspunkt i føresetnadene hos kvar elev, og nivået i klassen. Dessutan bør ein så langt det er ønskjeleg og naturleg når det gjeld å velje stoff
Skann 179 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 177». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/179/