SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 16 skann 18

Norsk (4-5-5) i studieretning for allmenne fag 16 2.2. Kommentarar til målet Det er viktig at undervisninga så langt råd er byggjer på det faglege grunnlaget elevane har frå grunnskolen. Ein bør leggje om lag like stor vekt på den språklege og den litterære delen av faget, men leggje arbeidet slik opp at dei ulike sidene av undervisninga så langt det er mogeleg blir ein heilskap for elevane. Ei hovudside av undervisninga er at elevane skal lære seg å bruke morsmålet korrekt og presist. Kunnskapane i språket skal i første rekkje hjelpe elevane i arbeidet med å tileigne seg språkdugleik. Elevane må øve opp den språklege uttrykksevna gjennom varierte oppgåver og allsidig stoff utval. Dei bør arbeide med både norsk hovudmål og norsk sidemål, og leggje om lag like stor vekt på norsk munnleg og på norsk skriftleg. Litteraturlesing er ei anna hovudside av undervisninga. Eit viktig mål for den er å gjere elevane glade i å lese, både skjønnlitteratur og sakprosa. Til sakprosaen må ein her også rekne ulike former for fagleg eller fagretta stoff. Om lag ein tredel av lesestoffet skal vere på sidemålet. Undervisninga i litteraturkunnskap og litteraturhistorie skal ein så langt det er mogeleg knyte til sjølve litteraturlesinga. Til litteraturkunnskapen høyrer dei ulike stilistiske verkemidla som forfattarane bruker. Ein bør leggje undervisninga i stilistiske emne slik til rette at ho får verdi for det arbeidet elevane sjølve gjer i morsmålet. I samband med litteraturlesinga vil det vere naturleg å bruke film og teaterkunst i undervisninga der forholda ligg til rette for det. Fordi aviser, vekeblad og massemedium speler ei så viktig rolle som informasjonskjelder i vår tid, bør slikt stoff få etter måten brei plass i undervisninga. I arbeidet med dette stoffet er det særleg nødvendig at elevane får øve seg opp i sjølvstendig og kritisk vurdering. Gjennom undervisninga i faget må elevane få øve seg i ulike arbeidsmåtar - individuelt og saman med andre - og få rettleiing og øving i å bruke hjelpemiddel som kan fremje effektiv læring og orientering i faget. Ein må leggje vekt på å skape gode og naturlege samarbeidsformer. Eit positivt miljø i klassen eller gruppa har mye å seie for den personlege veksten og modninga, som er ei viktig side av målet for undervisninga. 3. EMNEPLAN 3.1 . Dei konsekvensar målet har for utvalet av fagstoff Gjennom eit variert utval av oppgåver og verksemder må ein prøve å utvikle og øve opp språkdugleiken og litteraturkunnskapen hos kvar elev. Det er viktig å finne arbeidsstoff som er tilpassa både det nivået elevane står på, og den studieretninga dei har valt. Samtidig må ein hugse på at norsk er eit allmennfag, der elevane bør få oppleve språket og litteraturen knytte til andre felt i samfunns- og kulturlivet enn det feltet deira studieretning omfattar. Ein bør i det
Skann 18 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/18/