SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 15 skann 17

15 Norsk (4-5-5) i studieretning for allmenne fag 1. GENERELL INFORMASJON Norsk er eit av dei felles allmenne faga i dei 2-årige grunnkursa og i studieretning for allmenne fag. Det har fire veketimar første året og fem timar andre og tredje året. 1-årige kurs i studieretningar for yrkesfag har eige 2-timars kurs i norsk med samfunnskunnskap. Fagplanen for dette kurset står på side 126 i del 2 av læreplanen. I tillegg finst det fagplanar for desse studieretningsfaga og valfaga i del 3 og 4 av læreplanen: 1. året 2. året 3. året Norsk, språkleg kurs (del 3): 3 (0) 0 (3) Norrønt mål (del 3): 3 5 Litteratur (del 4): 2 2 2 2. MÅL 2.1 . Gjennom arbeidet med faget skal elevane - skaffe seg kunnskap i norsk språk og øving i å ordleggje seg korrekt og presist både munnleg og skriftleg - få orientering om norsk språkutvikling og om aktuelle språkproblem slik at dei kan utvikle ei aktiv og medviten holdning til språket - få øving i å oppfatte og oppleve ulike slag litteratur, føresetnader for å lese med rikare utbyte, og større interesse for verdifull lesnad - skaffe seg kjennskap til norsk litteratur og til viktige periodar i norsk litteraturhistorie, noko kjennskap til dansk og svensk språk og litteratur og til verk frå verdslitteraturen - få noko kjennskap til stilistiske verkemiddel - få øving i å bruke bøker, aviser og andre massemedium kritisk som informa sjonskjelder. Undervisninga tek elles sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og modning ved å utvide deira allmenne livsorientering og utvikle deira sans for kulturelle og estetiske verdiar.
Skann 17 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/17/