SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 176 skann 178

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 176 få øving i å bruke bøker, aviser og andre massemedium kritisk som informasjonskjelder lære seg å bruke det samiske lokalsamfunnet som kunnskapskjelde utvikle ei medviten og engasjert haldning til samfunnet og medmenneska, særleg med vekt på evna til sjølvstendig vurdering og samarbeid. Undervisninga skal og ta sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og modning ved å utvide deira allmenne livsorientering og utvikle sansen deira for kulturelle og estetiske verdiar. 2.2. Kommentarar til målet Det er viktig at undervisninga så langt det er råd, byggjer på det faglege grunnlaget elevane har frå grunnskolen. Ein bør leggje om lag like stor vekt på den språklege og den litterære delen av faget, men leggje arbeidet slik opp at dei ulike sidene av undervisninga så langt det er mogleg blir ein heilskap for elevane. Ei hovudside av undervisninga er at elevane skal lære seg å bruke norsk korrekt og presist. Kunnskapane i språket skal i første rekkje hjelpe elevane i arbeidet med å tileigne seg språkdugleik. Elevane må øve opp den språklege uttrykksevna gjennom varierte oppgåver og allsidig stoffutval. Dei bør leggje om lag like stor vekt på norsk munnleg og skriftleg. Litteraturlesing er ei anna hovudside av undervisninga. Eit viktig mål for den er å gjere elevane glade i å lese, både skjønnlitteratur og sakprosa. Til sakprosaen må ein her også rekne ulike former for fagleg eller fagretta stoff. Om lag ein firedel av lesestoffet skal vere i den andre norske målforma, sjølv om elevane ikkje skal ha skriftleg opplæring i denne. Undervisninga i litteraturkunnskap og litteraturhistorie skal ein knyte til sjølve litteraturlesinga. Til litteraturkunnskapen høyrer og stilistiske emne. I samband med litteraturlesinga vil det vere naturleg å bruke film og teaterkunst i undervisninga. Fordi aviser, vekeblad og andre massemedium spelar ei så viktig rolle som informasjonskjelder i vår tid, bør slikt stoff få etter måten brei plass i undervisninga. I arbeidet med dette stoffet er det særleg nødvendig at elevane får øve seg opp i sjølvstendig og kritisk vurdering. Gjennom undervisninga i faget må elevane få øve seg i ulike arbeidsmåtar - individuelt og saman med andre - og få rettleiing og øving i å bruke hjelpemiddel som kan fremje effektiv læring og orientering i faget. Ein må leggje vekt på å skape gode og naturlege samarbeidsformer. Eit positivt miljø i klassen eller gruppa har mykje å seie for den personlege veksten og modninga, som er ein viktig del av målet for undervisninga.
Skann 178 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 176». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/178/