SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 14 skann 16

Religion 14 Læraren må også vurdere arbeidsmåtane: Korleis skal ein leggje opp arbeidet med stoffet for at elevane skal nå målet med faget? Denne detaljerte planlegginga må stadig stå open for å bli revidert under inntrykk av reaksjonane hos elevane. 4.3. Samordning av fag Under planlegginga bør læraren også tenkje over om det kan vere fruktbart å samarbeide med lærarar som har andre fag i klassen. Det kan vere vanskeleg å gje generelle retningslinjer for eit slikt samarbeid, men det kan vere verdt å merke seg: Norsk tek opp religiøse og etiske emne i litteraturen, slik at det her skulle vere mogeleg å samordne undervisninga med religionsfaget. Samfunnskunnskap tek opp sentrale emne som familien, yrkesetikk, politiske middel i maktkampen, målsetjing for offentleg politikk osv. Historie tek opp forholdet mellom kristendom og stat under Roma og mellomalderen, det nye livssynet under humanismen, reformasjonen, problem som naturretten og menneskerettane under opplysningstida, religiøse kriser på 1800-talet osv. Viktige problemstillingar i tilknyting til økologi blir tekne opp både i naturfaga og i geografi. Vidare bør ein vere klar over at det kan vere nødvendig å samordne fag når religion er valfag. Valfag som psykologi og filosofi kan også gjere det mogeleg å kaste lys over religiøse problem og forhold frå fleire synsvinklar. Når det gjeld arbeidsmåten elles, bør ein jamføre med bind I i læreplanen og med den metodiske rettleiinga. 5. VURDERING Det skal gjevast ein standpunktkarakter etter fullført kurs. For å fastsetje standpunktkarakteren kan læraren gje prøver i løpet av skoleåret. Prøveforma må liggje nærast mogeleg opp til dei arbeidsformene elevane har brukt i skolearbeidet. Under prøvene bør elevane ha det vanlege arbeidsstoffet for handa. Læraren bør konstruere problemoppgåver som er knytte til sentrale og vesentlege sider ved stoffet. Ved vurderinga bør læraren leggje vekt på følgjande: a) godt kjennskap til stoffet, dvs. at han må konstruere prøver som kontrollerer kunnskap og kvaliteten av studiearbeidet. b) evne til å slå ned på viktige opplysningar og til å sjå samanhengar, dvs. at han prøver studiedugleiken til elevane. c) sjølvstende, kritisk holdning, personleg vurdering, dvs. at han må gje elevane prøver som oppmodar til verdimedvet og ansvarsmedvet.
Skann 16 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/16/