SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 13 skann 15

Religion 13 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Kva for konsekvensar målet har for arbeidet med faget Dei kunnskapar og holdningar som er mål for faget, krev at elevane blir konfronterte med stoffet. Det er berre på den måten dei kan nå fram til eit personleg og sjølvstendig standpunkt. Dette er ei veldig utfordring til både presentasjonen og formidlinga av stoffet. Korkje fagstoffet eller læraren må stå i vegen for den konfrontasjon som må skje mellom religionar/livssyn og elevane. Det kan her igjen vere på sin plass å streke under at faget skal vere med på å auke forståinga og respekten for dei religiøse og etiske verdiane. 4.2. Arbeids- og undervisningsformer Ein kan t.d. bruke desse arbeidsformene i faget: übundne, munnlege aktivitetar ordskifte lesing og analyse av tekstar arbeid med større prosjekt med munnleg eller skriftleg framstilling Dersom fagstoffet er presentert på ein klar måte som viser problema, og legg forholda til rette for å samanlikne karakteristiske likskapar og ulikskapar, kan ein øve elevane opp til å arbeide systematisk med å løyse problem, framstille saker, vurdere, samanlikne, vege for og imot, følgje opp konsekvensar (i etikken) osv. Det er viktig at arbeidsmåtane varierer, både på grunn av stoffinnlæringa og på grunn av engasjementet hos elevane. Når ein skal velje arbeidsmåte, må ein ta omsyn til kva for emne ein skal formidle, og til kva for hjelpemiddel som står til rådvelde. Elevane bør lære å skilje mellom sak og vurdering. Ei saksframstilling bør i størst mogeleg grad trekkje inn fakta. Likevel skal ein vere klar over at måten ein vel ut fakta på, ofte må sjåast i samanheng med ein verdiheilskap. Når ein skal ta standpunkt, t.d. i ein diskusjon, vil ein ofte trekkje inn fakta, men da for eit bestemt formål (standpunkt) som igjen er bestemt av verdistandpunkt. Dette bør ein gjere klart for elevane i tilknyting til undervisningsformer som diskusjon 0.1. I førstninga av skoleåret bør læraren saman med elevane bestemme kva for fagområde ein skal arbeide med, velje ut stoff som gjeld heile skoleåret eller ein større del av det, leggje ein langsiktig plan for arbeidet med stoffet og fastsetje visse tidsfristar. Når ein skal finne fram til aktuelt arbeidsstoff, må ein vurdere stoffet i forhold til målet for faget, og om stoffet held mål fagleg: Kva for del av dette stoffet er det særleg viktig for elevane å kjenne til? Kva for verdiar kan dette stoffet stille dei overfor? Kva for holdningar kan nettopp dette stoffet vere eigna til å skape? På kva for måtar gjer dette stoffet det mogeleg for elevane å øve seg i studie- dugleik?
Skann 15 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/15/