SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 12 skann 14

Religion 12 Når ein fører inn viktige livssyn og verdiholdningar i undervisninga, vil det vere naturleg å ta opp grunndrag av kristen etikk, human-etikk, kristen og profan humanisme, materialisme, marxisme og pluralisme. Presentasjonen bør gjere det klart korleis eigeninteresse, interessefellesskap osv. skaper verdiholdningar av nokså avgjerande karakter både for den enkelte og i samfunnssamanheng. I delen om etiske omgrep og grunngjevingar er det særleg viktig å gjere framstillinga enkel og forståeleg. Ein del omgrep må ein ta opp og forklare, t.d. etikk og moral, deskriptiv og normativ etikk, amoralsk og umoralsk, sosialmoral og individualmoral, ansvar, skyld, synd, fridom, toleranse, rett og verdinøytralitet. Av etiske problemområde vil det vere naturleg å ta opp menneskesynet, forholdet mellom individ og samfunn og mellommenneskelege forhold. Kvar lærebokforfattar må sjølv avgjere kva for emne han vil ta opp, kor grundig han skal behandle dei, og kva for rekkjefølgje dei skal kome i. Men det er viktig at lærestoffet er aktuelt, og at presentasjonen i læreboka ikkje blir for voluminøs. 3.4. Pensum Prinsipielt må ein hevde at elevane skal ha fridom til å velje fagstoff. Målet for faget impliserer likevel visse retningslinjer for stoffvalet. Elevane bør ha arbeidd med: 1. Under Levande religionar: Generell religionsgeografi og ei meir omfattande framstilling av ein ikkje-kristen religion. 2. Under Kristendommen: ei kortfatta framstilling av berande element i kristendommen, gjerne knytt til Kristi person, grunndrag av Lutherdommen, ein konfesjonsgeografi og ei meir omfattande framstilling av ein konfesjon. 3. Under Etikk og livssyn: ymse problemområde av individualetisk og sosialetisk karakter. Grunndrag av kristen etikk må vere med. Ein vel om lag ein firedel av pensum frå kvart av dei tre fagområda: Levande religionar, Kristendommen og Etikk og livssyn. Den siste firedelen kan fordelast på alle fagområda, på to av dei, eller brukast til nærmare studium av eitt fagområde. Ein må krevje at elevane har lagt ned ei rimeleg arbeidsmengd i faget. Den stoffmengda som skal lesast, er sterkt avhengig av kva karakter emnet har, og kva arbeidsform ein bruker i dei forskjellige emne. I tillegg til lærebokframstillingar må ei kunne bruke anna oppslagsstoff, avisreportasjar, temahefte, og kunne gjere bruk av lyd- og biletmateriell, ekskursjonar og gjestingar. Innafor enkelte emne vil det trengast svært mye lesing. Til andre emne, t.d. moralproblem, trengst det i tillegg til saksmaterialet mye tid til drøfting, kritisk analyse av løysingar, bruk av prinsipp osv. Det materialet elevane legg opp til eksamen, må såleis vere avhengig av dei arbeidsmåtane elevane har brukt gjennom skoleåret.
Skann 14 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/14/