SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 11 skann 13

Religion 11 Konfesjonskunnskap skal gje elevane ei innføring i dei forskjellige kristne kyrkjesamfunna. Her bør ein leggje vekt på korleis desse samfunna sjølve ser på si eigenart og sitt særpreg. Ein bør ta for seg den aktuelle utforminga av dei og korleis dei kan vere til hjelp for elevane når dei skal orientere seg i tilværet. Her kan ein også trekkje fram dei reformforsøka som enkelte kyrkjesamfunn har gjort i vår tid, t.d. den katolske kyrkja. Det er nødvendig å kjenne litt til opphavet og historia til ein konfesjon for å forstå han slik vi møter han i dag, men det vil ikkje seie at presentasjonen helst bør vere historisk. Dei forskjellige ideal av kristenliv og kristen gudstru som dei ulike konfesjonar representerer, bør kome tydeleg fram, like eins den rolle konfesjonane speler i livet til kvar truande og for ulike område av samfunnslivet. Ein bør leggje vekt på å få fram ikkje berre det som skil konfesjonane frå kvarandre, men også det som er felles - det økumeniske perspektivet. Det er naturleg at kyrkjer og kristne samfunn som speler ei vesentleg rolle i vår del av verda, blir presenterte. Men ein bør også kome inn på situasjonen til dei unge afro-asiatiske kyrkjene med vekt på forholda i dag ut frå arbeidet til den kristne misjonen. På same måten bør ein kome inn på den aktuelle religiøse situasjonen i Nord- og Sør-Amerika. I ei lærebok kan vi tenkje oss at desse kyrkjene og kristne samfunna er behandla: den ortodokse kyrkja den romersk-katolske kyrkja lutherdommen den reformerte kyrkja den anglikanske kyrkja metodismen pinsekyrkjelydane adventistane vennesamfunna (kvekarane) frelsesarmeen den økumeniske rørsla samfunn i særstilling: Jehovas vitne, mormonane, Christian Science I tilknyting til lærestoffet kan det vere ei fyldig tekstsamling. Etikk og livssyn kan omfatte ei kort innføring i viktige livssyn og verdiholdningar, ei kort framstilling av viktige etiske omgrep og grunngjevingar, og ei meir omfattande drøfting av eit utval etiske problemområde. Elevane må få høve til å drøfte aktuelle livsproblem med utgangspunkt i etiske problemstillingar. Ein kan dels ta utgangspunkt i kva menneska gjennom tidene har vore opptekne av, dels av kva vi opplever som vesentlege etiske spørsmål i vår tid, men leggje hovudvekta på kva elevane ser på som eksistensielle problem. Stoffet skal gjere elevane kjende med ulike syn (også ulike kristne syn) på etiske problem og hjelpe dei til å arbeide vidare med sine fundamentale livsspørsmål. På den måten vil stoffet kunne vere med på å gje elevane både ei meir moden forståing av seg sjølve og eit sterkare samfunnsengasjement.
Skann 13 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/13/