SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 128 skann 130

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 128 Differensieringa vil vel difor helst gå på vektlegging av emneområde og på at ein legg til grunn ulike prioriteringar i val av arbeidsstoff. Linedelinga legg i ein viss mon opp til ei slik differensiering. Men innan kvar line vil norskfaget by elevane rike høve til differensiering etter interesse, t.d. gjennom val av - litteratur - emne for særoppgaver/foredrag - konferansetema - valfrie emne etter fagplanen Når det gjeld litteratur, vil differensieringa kunne skje gjennom val innan så vel sakprosa som skjønnlitteratur. Elles kan ei differensiere gjennom val av emne som klassen kan ta opp, eller som elevane arbeider med i grupper eller enkeltvis. Variasjonar i val av prosjekt og arbeidsmåtar er i seg sjølv differensiering som kan tene til å gi motiverande impulsar til å byggje vidare på. 4.5. Koordinering med andre fag Den store valfridomen som særmerkjer faget Norsk og kommunikasjon, gjer det lett å få til integrering med andre fagområde. Gjennom emnevala kan ein hente stoff frå slike reine yrkesfag som Marknadsføring (sal og reklame, organisasjon osv.). Det vil og vere mogleg å koordinere arbeidsformene. Tilrettelegging av møte og konferansar vil ha naturleg tilknyting til organisasjonsfaget. Det same vil arbeid i grupper ha. 5. VURDERING Vurderinga må knytast til elevane sitt daglege arbeid og bli ein naturleg del av skolearbeidet. Når elevane har fullført årskurset, skal dei ha standpunktkarakterar i - norsk munnleg - norsk hovudmål skriftleg - norsk sidemål skriftleg Vurderinga må byggje på målet for faget og på det stoffet som elevane har arbeidd med. I målet for faget er skriftleg og munnleg bruk av språket jamstelt. Arbeidet med munnlege språkøvingar må tilretteleggjast slik at jamstellinga blir reell. I vurderinga av skriftleg og munnleg dugleik må det leggjast vekt på at elevane kan ordleggje seg greitt og beintfram, og på innsikt, tame og kunnskapar som elevane viser. Då læring er ein utviklingsprosess, må ein ta omsyn til skriftlege særoppgaver, prosjektarbeid og anna som elevane har arbeidd med på eiga hand og i samarbeid med andre. Elevane kan nytte ulike arbeidsmåtar. Vurderinga av elevane sine arbeidsmåtar bør skje ut frå den vekta dei ulike arbeidsmåtane har i høve til målet for faget.
Skann 130 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 128». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/130/