SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 129 skann 131

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 129 Prøver må gli inn som naturlege delar av undervisninga og bør organiserast slik at de kan motivere og fremje læringa. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner at eleven kan setje seg inn i eit emne, ordne det og gjere greie for det. Prøver i sidemålet skal vere enklare enn prøver i hovudmålet. 5.1. Standpunktkarakterar Standpunktkarakteren skal uttrykkje elevane sine prestasjonar i høve til heile målsetjinga for faget. Standpunktkarakteren må såleis byggje på elevane sitt arbeid gjennom heile skoleåret, både individuelt og i gruppesamanheng, og ikkje berre bli knytt til enkeltståande prøveresultat. 5.1.1. Vurderingsformer Både for skriftlege og munnlege prøver kan det nyttast gruppeprøving og gruppevurdering når føresetnadene ligg til rette for det. Prøver som skal dekkje fagområdet kommunikasjon, bør vere munnlege, og det bør leggjast vekt på å sjå til gode både individuelle og kollektive prøvingsformer. Prøving av korleis elevane meistrar dei formelle framgangsmåtar når det gjeld tilrettelegging av møte og andre samkomer, bør organiserast slik at elevane får høve til å vise kva dei kan gjennom praktiske gjeremål. 5.2. Eksamen Det kan haldast ein skriftleg eksamen i hovudmål og ein i sidemål og munnleg eksamen i faget. Skriftlege prøver: 5 timar. Tillate hjelpemiddel til skriftleg prøve: Sidemålsordliste. Eksaminandar som har nynorsk som sidemål, kan bruke sidemålsordliste med fornorskningstillegg (ikkje ordbok) som hjelpemiddel. Skriftleg eksamen skal knytast til oppgåver der eleven på individuell basis kan få dokumentere kunnskapar og tame i skriftlege disiplinar. Munnleg eksamen skal knytast til oppgåver der elevane på individuell og/eller kollektiv basis kan få dokumentere kunnskapar og tame i munnlege disiplinar. I oppgåver som går ut på å prøve elevane sin praktiske dugleik i kommunikasjon, kan gruppeeksamen nyttast.
Skann 131 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 129». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/131/