SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 127 skann 129

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 127 4.2.3. Munnlege framføringar Munnlege framføringar av case-løysingar eller elevforedrag, gjerne med andre elevar som opponentar med det føremålet å hjelpe elevane til: - ein klår og sikker uttale - ei klår, sakleg framføring av stoffet - dokumentasjon 4.2.4. Tolking og presisering Tolking og presisering av ord og uttrykk for å hjelpe elevane til: - logisk analyse av ulike tekster - å uttrykkje seg gjennom presise og klåre formuleringar Desse øvingane vil vere både skriftlege og munnlege. Passande tekster å arbeide med vil vere oppgavetekster som ein nyttar til skoleprøve, reklametekster, artiklar frå fagtidsskrift etc. Under dette arbeidet vil det høve å drøfte kjeldebruk, kjeldekritikk, objektivitet, subjektivitet, kriterium for kva som er sant og truverdig. 4.2.5. Arbeid med litteratur Under arbeidet med litteraturen bør ein setje seg grundig inn i dei litterære verka som ein les. Ein skal tileigne seg litteraturhistoriske kunnskapar omkring forfattar og tidbolk. Dei litterære verka bør veljast i samarbeid med elevane, og det vil vere ein fordel om dei ymse arbeidsgruppene dekkjer eit størst mogleg område. På den måten ville det vere mogleg å kaste lys over litteraturomgrepa frå fleire synsvinklar. 4.3. Undervisningsformer Læraren bør skifte mellom ulike undervisningsformer ut frå kvar elevs føresetnader, ønske og emneområde, så vel som ut frå dei ressursar skolen har. Ein bør variere mellom klasseundervisning og gruppeundervisning. Ved meir differensierte arbeidsformer bør gruppearbeidsforma veljast. Arbeidssituasjonen på skolen bør i så stor mon som mogleg gjerast lik den elevane vil møte seinare i livet, anten det gjeld framtidige yrkesfunksjonar eller vidare studium. 4.4. Organisasjonsformer Slik studieretninga for handels- og kontorfag er bygd opp, aukar den faglege spesialiseringa med klassestega. Vidaregåande kurs II vil til dømes tilby ein større fagleg spesialisering enn vidaregåande kurs I. Ein kan difor kanskje vente noko meir homogene elevgrupperingar i dei ulike klasser/liner på 3. årssteget.
Skann 129 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 127». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/129/