SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 126 skann 128

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 126 Analyse av språkbruk må gå ut på å undersøkje ei tekst frå desse synsstadene: måten språkbrukaren nyttar språket på innhaldet i teksten, og den informasjonen som teksten gir tilhøvet mellom sendar og mottakar I hovudsak vil ein slik analyse gå ut på å avdekkje føremålet med ulike ordleggingsmåtar, tolking av argument og vurdering av innhald og den ideologi innhaldet byggjer på. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeidet med faget Faget Norsk og kommunikasjon bør i stor mon vere knytt til elevane sin eigen livssituasjon. Difor vil sjølve læringsprosessen stå sentralt i dette faget. Elevane må sjølve venje seg til å planleggje arbeidsoppgåvene sine og ta ansvaret for si eiga læring. Det er viktig at dei får høve til å samarbeide om løysing av dei ymse arbeidsoppgåvene i faget. Arbeidsoppgåvene må sikte mot - å utvikle elevane sine evner til sjølvstendig, kritisk og sakleg vurdering, til to leranse og samarbeidsvilje - å utvikle elevane sine interesser for aktuelle problemområde - å gi elevane opplæring i sunne og effektive arbeidsvanar - å gi elevane høve til å tileigne seg større forståing for og innsikt i problem og situasjonar som for dei er meiningsfylte. 4.2. Arbeidsformer 4.2.1. Gruppearbeid Slik skolen si generelle målsetjing er, og slik målet for faget er formulert, bør elevane m.a. få opplæring i å arbeide i grupper. Dei bør og få ei innføring i gruppearbeid som arbeidsform og korleis ein får ei gruppe til å fungere (konfliktløysing, korleis ser ein gruppemedlem på seg sjølv i gruppesamanheng o.l.). I den mon det er mogleg, bør elevane få høve til å praktisere metoden. Klassen kan t.d. få ansvaret for å skipe til ein konferanse om eit bestemt tema med foredragshaldar utanfrå (eller ein kan nytte skolen sine lærarar). Ei slik tilskiping vil og kunne ha interesse for andre fag (t.d. organisasjon og marknadsføring), og elevane vil få trening i møteleiing, diskusjonsteknikk osv. som høyrer naturleg inn under eit slikt arrangement. 4.2.2. Frie munnlege aktivitetar Frie munnlege aktivitetar vil vere viktige delar av opplæringa i faget. Til dømes: - orienteringar og stoffgjennomgåing - spørsmål og svar - samtalar og ordskifte
Skann 128 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 126». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/128/