SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 119 skann 121

119 Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Norsk høyrer til dei felles allmenne faga i studieretning for handels- og kontorfag. Det har 3 veketimar første året, 4 timar andre året og 4 timar tredje året. Til fagområdet kan ein og rekne korrespondanse og dokumentlære som er lagt til første året, og som har 2 veketimar. Sjølv om kvart år er avslutta einingar, fører omsynet til progresjon i læringa til at ein i stor mon bør sjå fagplanane for dei einskilde åra i samanheng. Norsk og kommunikasjon er eit felles fag for alle linene i vidaregåande kurs 11. I høve til grunnkurset (1. år) og vidaregåande kurs I (2. år), der ein i morsmålsundervisninga legg vekt på fagleg innføring og oversyn, vil det tredje året bli eit kurs med vekt på fordjuping. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget Norsk og kommunikasjon skal elevane: - få øving i å ordleggje seg naturleg, klart og presist både munnleg og skriftleg - få innsikt i dei prosessane som er ein føresetnad for munnleg og skriftleg kom munikasjon - utvikle evna til sjølvstendig og kritisk vurdering generelt, men og i høve til massemedia og andre informasjonskjelder - skape eit grunnlag for å forstå samfunnet dei lever i og skjøne verdien av tole ranse og samarbeid - få høve til å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa - få orientering om norsk språkutvikling og aktuelle språkproblem, slik at dei kan utvikle ei aktiv og medviten holdning til språket. I undervisninga må ein og ha for auge norskfaget si spesielle stilling når det gjeld formidling av kulturarven til nye generasjonar. Elevane må få høve til å utvikle sans for kulturelle og estetiske verdiar.
Skann 121 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 119». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/121/