SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 120 skann 122

Norsk og kommunikasjon, VK II i studieretning for handel og kontor 120 2.1. Kommentar til målet Norsk og kommunikasjon er både eit allmennfag og eit reiskapsfag. Samstundes som det skal tene til å utvikle og mogne elevane, skal det gi rettleiing, øving og innsikt i dei prosessane som knyter seg til kommunikasjon mellom menneska i deira ulike livstilhøve. Kommunikasjon må i denne planen tolkast i vid tyding. Når ein her taler om kommunikasjon, meiner ein det samspelet som går føre seg mellom menneska når ein bodskap skal formidlast og takast imot. I eit slikt samspel ligg og forståing av korleis språket fungerer i ulike situasjonar, og språket som ein praktisk reiskap i dagleg bruk. Den sosiale situasjonen som språket verkar i, vil måtte stå sentralt i undervisninga. Frå ein slik synsstad vil kommunikasjon og femne om praktisk innføring i møteleiing og ordskifte. Då studieretning for handels- og kontorfag er retta mot det praktiske yrkeslivet, må ein i arbeidet med faget leggje vekt på dei funksjonar morsmålet har i yrkessamanheng. Opplæringa i formell språkbruk må og ta utgangspunkt i kommunikasjonslæra. I tredje skoleåret må det vere ein føresetnad at elevane har nådd så langt i utvikling og mognad at det kan stillast krav til logisk evne og resonnement. Lesinga av skjønnlitteratur og sakprosa skal først og fremst ta sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og mognad. Målet må vere at elevane blir sette i stand til å lese med rikare utbytte og større glede. Drøfting og vurdering av innhald og form må knyttast til spørsmål som tener til forståing av kjensler og holdningar, meir enn til kunnskapar om stil og struktur. Litteraturlesinga bør elles stø opp under den allmenne samfunns- og kulturorienteringa som er ein viktig del av norskfaget si generelle målsetjing. Begge målformene må vere representert i det litteraturutvalet ein les. Morsmålet her i landet har to jamstelte offisielle skriftmål. Ei fullgod norskopplæring må gi elevane kunnskapar i begge målformene og byggje opp ei positiv holdning til denne delen av morsmålopplæringa. Ein må og dra fram den verdien sidemålet kan ha, både som språkleg reiskap og som kulturberar. Sidemålsopplæringa skal integrerast i den vanlege norskundervisninga. Dette kan gjerast på mange måtar, mellom anna ved av og til å nytte sidemålstekster som lekk i arbeid med analyse av kommunikasjon ved å omsetje mindre arbeid frå den eine målforma til den andre, ved fri attgjeving av tekster på lydband 0.1. Mange stader i landet vil det vere stort samsvar mellom elevane sitt dialektgrunnlag og sidemålet. Dette tilhøvet bør ein byggje vidare på i undervisninga. I den mon det er mogleg, bør øvingane i sidemålet ta utgangspunkt i elevane sin praktiske kvardag. Det er derfor viktig at elevane får kjennskap til dei viktigaste målmerka.
Skann 122 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/122/