SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 104 skann 106

104 Norsk vidaregåande kurs I i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne planen gjeld norsk i studieretninga for handels- og kontorfag, vidaregåande kurs I, alle linjer. Faget har 4 veketimar. 2. MÅL I arbeidet med norskfaget skal elevane: lære seg å bruke morsmålet slik at dei kan nytte det som reiskap når dei skal formidle eigne tankar, kjensler og meiningar skaffe seg noko innsikt i korleis språket verkar slik at dei betre kan forstå, tolke og vurdere det andre ønskjer å formidle, anten dette skjer munnleg eller skriftleg utvikle evna til å forstå ulike typar litteratur, og skaffe seg eit visst kjennskap til norsk litteratur styrke si allmenne livsorientering sosialt og kulturelt og lære å respektere og vise forståing for holdningar og syn som er annleis enn dei ein sjølv har. 2.1 . Kommentar til målet Den språklege uttrykksevna skal elevane øve opp gjennom varierte øvingar, og det må leggjast vekt på at dei lærer å uttrykke seg klart og rett, både skriftleg og munoleg. Når det gjeld litteraturlesinga må ein velje stoffet med det siktemålet at det skal fremje den personlege vokster og mognad hos elevane og gjere dei glade i å lese. Dei skal lese både skjønnlitteratur og sakprosa. Sakprosatekstane bør ein velje med tanke på at dei skal utvide livsorienteringa til elevane og utvikle samkjensle med andre menneske, nasjonalt og internasjonalt. Ein del av sakprosatekstane kan gjerne vere knytte til andre fag. Det har mykje å seie at stoffet ein les, verkar engasjerande. Ein må vere merksam på at graden av elevane si litteraturoppleving vil hengje saman med kor nøye ein har vurdert litteraturutvalet på førehand. Når elevane les litteratur, bør dei få eit visst innsyn i dei ymse litterære verkemidla som forfattaren bruker. Litteratur- og litteraturhistorie tek ein berre med i den grad det stimulerer evna til å oppleve skjønnlitteratur.
Skann 106 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 104». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/106/