SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 105 skann 107

Norsk vidaregåande kurs I i studieretning for handel og kontor 105 3. ARBEIDSSTOFF 3.1 . Utval av arbeidsstoff Det må vere eit mål at det elevane lærer i norskfaget, skal vere til hjelp for dei i yrke og daglegliv. Det har mykje å seie for motiveringa at undervisningsstoffet er tilpassa interessenivået til elevane. Men då norsk samstundes er eit allmennfag, må elevane og få oppleve språk og litteratur frå andre sider av samfunns- og kulturlivet enn det som heng saman med yrkesvalet deira. Kvar dag møter vi informasjon og påverknad frå aviser, tidsskrift, vekeblad og andre massemedium. Det er viktig at elevane lærer å vurdere stoffet frå desse kjeldene kritisk. Kring ein fjerdepart av arbeidsstoffet må vere på sidemålet. 3.1 .1 . Munnleg bruk av språket Med munnleg bruk av språket meiner ein ikkje først og fremst det som har med artikulasjon å gjere, men meir det å kunne uttrykkje seg sjølvstendig og logisk. Undervisninga bør ta sikte på å gje kvar elev så godt herredømme over munnleg form og uttrykksmåte som han/ho har føresetnader for. Det er sjølvsagt at elevane får bruke dialekten sin i munnleg norsk. Praktiske øvingar kan t.d. vere innleiingar til ordskifte, korte utgreiingar om yrkesfaglege og andre emne, intervju 0.1. Elevane skal også øve seg i å oppfatte dansk og svensk tale, og dei bør få høve til å lese noko av desse grannelanda sin litteratur på originalspråket. 3.1 .2. Skriftleg bruk av språket Dei skriftlege øvingane må ein velje med tanke på å øve opp elevane til å bli språkleg støe både når det gjeld det reint formelle (grammatikk, rettskriving og teiknsetjing) og evna til å variere uttrykksmåten, og å finne det mest dekkjande ordet i den bestemte situasjonen. Elevane må t.d. kunne skrive eit avisinnlegg eller ei friare utgreiing om eit yrkesfagleg eller allment emne. Dei må kunne gjere greie for opplysningar og synspunkt i ein tekst og kunne lage ein sjølvstendig kommentar. 3.2. Emneliste Arbeidsstoffet er delt inn i kjernestoff og tilvalsstoff. Kjernestoffet skal dekkje det lærestoffet som ligg innafor den sams obligatoriske ramma som alle elevane skal arbeide med. Kring ein fjerdedel av arbeidsstoffet skal vere tilvalsstoff. Dei emna som er tilrådde under tilvalsstoffet (3.2.1 B og 3.2.2 B), er ikkje meint å vere bindande. Elevane kan sjølve kome med framlegg til anna tilvalsstoff.
Skann 107 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/107/