SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 72 skann 76

72 5. VURDERING Dei generelle føresegnene om vurdering står i kapittel 8.1 i del 1 av Læreplan for den vidaregåande skolen. Elevane skal ha ein standpunktkarakter når dei er ferdige med kurset. Vurderinga må byggje på målet for faget og det stoffet som blir gjennomgått Karakteren for arbeidet gjennom året byggjer på prestasjonane i munnleg og skriftleg bruk av språket, der ein legg like stor vekt på munnleg som på skriftleg. Når ein vurderer, skal ein ta omsyn til det eventuelle ekstra arbeidet som eleven har gjort i faget, t.d. foredrag eller utgreiing. Prøver i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er viktig at eventuelle prøver så langt det er mogeleg har karakter av øving, og viser i kva grad elevane har tileigna seg stoffet og kan gjere greie for det. Samtalar i klassen og munnlege og skriftlege prøver bør variere, slik at elevane kan få vise kva dei kan på ulike område. Ein eventuell eksamen i faget skal vere ei skriftleg prøve der oppgåvene blir henta frå så sentrale emneområde at ein kan rekne med at alle elevane har fått opplæring i dei. 6. HJELPEMIDDEL Det er vanskeleg å setje opp ei samla oversikt over alle hjelpemidla i norsk med samfunnskunnskap. Det finst ei rekkje gode tilbod som film, biletband, transparentar, lydband, kassettar og plater. Lærarane og elevane må her bruke fantasi og initiativ. Opplysningsorganisasjonar og bransjeorganisa sjonar har ofte ferdig utarbeidd materiell som kan vere til stor nytte. Til norskundervisninga må skolen ha (i tillegg til dei lærebøkene som elevane har): - eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur på både hovudmålet og sidemålet - klassesett med tidsskrift som har tilknyting til nærings- og samfunnslivet eit utval av bransjetidsskrift - høvelege skolekringkastingsprogram med klassesett av teksthefte og lydband/kassettar eit godt utval av sakprosastoff i klassesett - oppslagsbøker og andre hjelpebøker i språkopplæringa både i elevbiblioteket og i klassebiblioteket eit godt utval av norsk skjønnlitteratur, særleg nyare litteratur, i enkeltbind i skolebiblioteket tekniske hjelpemiddel som lydbandspelar/kassettspelar, platespelar, skriftprosjektør (overheadprojector), filmapparat, diasframvisar, videoutstyr og høve til å kopiere bilete.
Skann 76 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/76/