SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 57 skann 61

57 2. MÅL 2.1. Gjennom arbeidet med faget samisk skal elevane - få kunnskap i samisk og dermed grunnlag for å odle språket vidare lære å bruke samisk munnleg og skriftleg på ein fullverdig måte både i tradisjonell samisk samanheng og under forholda i notida - få syn for korleis samisk har vore brukt til ulike tider få kjennskap til den samiske litteraturen og til utval frå den nordiske litteraturen/verdslitteraturen omsett til samisk, og få øving i å oppfatte og oppleve litteratur av ulike slag få allsidig kjennskap til samisk kultur og få syn for kva verd denne kulturen har som skapar av allmenne verdiar. 2.2. Kommentarar til målet Lærarane både i samisk og i norsk bør tidleg prøve å bli klar over språksituasjonen hos elevane og leggje undervisninga slik opp at ho byggjer vidare på det språkgrunnlaget kvar elev har. Særleg må ein vere merksam på elevar som har svak språkleg bakgrunn i både samisk og norsk. Det kan bli nødvendig å gje desse særskilde undervisningsopplegg. Språkgrunnlaget hos eleven må avgjere kva ein skal bruke som hovudspråk og hjelpespråk i undervisninga. Ein må leggje undervisninga opp slik at dei ulike delmåla mest mogeleg blir samla til ein heilskap for elevane. Ein bør leggje om lag like stor vekt på det munnlege og skriftlege arbeidet med faget. I samisk er det likevel særleg viktig å dyrke talemålet. I den vidare utviklinga av skriftspråket må ein leggje talemålet til grunn. Morsmålundervisninga i samisk må ikkje vere fagleg isolert. I dei munnlege og skriftlege øvingane må ein derfor trekkje inn emne frå samfunnsfag og estetiske fag. Når ein gjennomgår samisk litteratur, prosa i bøker og aviser og tradisjonell og ny poesi, bør ein bruke den litterære gjennomgåinga av liknande stoff i andre språkfag, framfor alt i norsk. Når elevsamansetjinga og lærartilgangen gjer det mogeleg, bør ein undervise på samisk også i samfunnsfag, estetiske fag og nærliggjande språkfag. I førstninga kan dette kome inn ved at ein underviser i emne som har direkte tilknyting til samisk kultur og samiske samfunnsspørsmål. 3. EMNEPLAN 3.1. Munnleg bruk av språket Elevane må få øving i å lese samisk tydeleg og rett, og det er viktig at dei får utvikle evna til å oppfatte og gjere greie for innhaldet i tekstar dei arbeider med. Vidare må undervisninga ta sikte på å gje elevane herredømme
Skann 61 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/61/