SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 58 skann 62

58 over munnleg form og uttrykksmåte, slik at dei kan bruke samisk på ein fullverdig måte i ulike samanhengar. Dei første åra frametter må ein rekne med at elevane ikkje har lese så mykje samisk på førehand. Derfor må ein rekne grunnopplæringa i å lese samisk tekst som den første undervisningsoppgåva. • Ved høgtlesing bør ein leggje vekt på at eleven skal halde seg til den naturlege talemålsbruken. Ein må syne skjønsemd ved rettleiing og kritikk når det gjeld uttalen hos elevar som kjem frå ulike kantar av det samiske språkområdet Det skal vere eit mål å. fremje språkleg toleranse innanfor det samiske språkområdet. Derfor skal ein ikkje arbeide for å normere talemålet i lydverket og formverket. Ei slik normering må ein heller rekne som eit naturleg resultat av skriftspråkopplæringa, ettersom det ikkje er rimeleg å vente at elevane vil bruke ulikt lyd- og formverk i munnleg og skriftleg språk. Gjennom heile kurset må elevane få allsidige øvingar med sikte på å auke evna til å bruke språket munnleg. Slike øvingar kan bl. a; omfatte høgtlesing samtale, drøfting (i gruppe og i klasse) elevforedrag diskusjon orientering, demonstrasjon, presentasjon utgreiing, referat, rapport kritisk studium av samiskspråklege og ikkje-samiske aviser, tids- skrifter m.m. dramatisering møteleiing Det vil ofte vere naturleg å knyte dei munnlege øvingane som er nemnde her, til litteraturlesing og emne som representerer samisk kultur. Men som utgangspunkt for munnlege øvingar bør ein også bruke tilfang av samtidsorienterande art frå samiskspråklege og ikkje-samiske aviser og tidsskrifter. Vidare bør ein bruke aktuelt stoff frå skolemiljøet og nærmiljøet 3.2. Skriftleg bruk av språket Opplæringa i skriftleg samisk må ta sikte på å utvikle evna hos elevane til å gje uttrykk for det dei veit, tenkjer og kjenner i eit rett og greitt språk med logisk samanheng i framstillinga. Dette skal ein prøve å oppnå ved eit samspel mellom praktiske øvingar og teoretiske kunnskapar. Det viktigaste i undervisninga er å gje elevane ei sikker kjensle av korleis språket fungerer som kommunikasjonsmiddel. Sjølv om ein må utvikle ei samlande norm i ortografi og formverk, må elevane få byggje på det språkgrunnlaget - i ordtilfang og ordfølgje - som dei har frå dialektstroket sitt. Men da ord og ordformer i ulike dialektar kan ha ulike tydingar, er det i ei samlande norm nødvendig åta
Skann 62 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/62/