SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 56 skann 60

56 Samisk hovudmål og sidemål* 1. GENERELL INFORMASJON Samisk er eit av dei felles allmenne faga i toårige grunnkurs og i studieretning for allmenne fag. Timetal: 1. år 2. år 3. år Samisk hovudmål: ) 4 4 4 Samisk sidemål: 3 3 I tillegg til kursa i samisk hovudmål og sidemål er det utarbeidd fagplanar for i år 2. år 3. år Samisk framandspråk (del 3 A) 4(0) 3(2) 0(5) Ein fagplan for samisk orienteringsfag (del 4) er under utarbeiding. Undervisninga i samisk som hovudmål gjeld førebels berre nordsamisk og kan veljast berre av elevar som reknar nordsamisk som morsmålet sitt, eller som frå før har eit godt grunnlag i det. Som sidemål kan ein velje nordsamisk, eller, så snart det er praktisk mogeleg, sørsamisk eller lulesamisk. Undervisninga i nordsamisk som sidemål kan gjevast både til elevar som har nordsamisk som morsmål, og til elevar som har noko kjennskap til nordsamisk. Berre elevar som har sørsamisk eller lulesamisk som morsmål, kan velje desse måla som sidemål. Elevane skal kunne vente til 2. året med å velje om dei vil ha samisk som hovudmål eller sidemål. Dei vil da vere meir klar over kva språkleg grunnlag dei har. Det vil bh utarbeidd ein fagplan i norsk for elevar med samisk hovudmål/sidemål. Alle elevar som les samisk, skal ha høve til å velje ei anna samisk språk-* form som valfag. * Fagplanen er berre mellombels godkjent. Han vil bli revidert når han er tilstrekkeleg utprøvd.
Skann 60 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/60/