SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 14 skann 18

14 Når ein skal ta standpunkt, t.d. i ein diskusjon, vil ein ofte trekkje inn fakta, med da for eit bestemt formål (standpunkt) som igjen er bestemt av verdistandpunkt. Dette bør ein gjere klart for elevane i tilknyting til undervisningsformer som diskusjon 0.1. I førstninga av skoleåret bør læraren saman med elevane bestemme kva for fagområde ein skal arbeide med, velje ut stoff som gjeld heile skoleåret eller ein større del av det, leggje ein langsiktig plan for arbeidet med stoffet og fastsetje visse tidsfristar. Når ein skal finne fram til aktuelt arbeidsstoff, må ein vurdere stoffet i forhold til målet for faget, og om stoffet held mål fagleg: Kva for del av dette stoffet er det særleg viktig for elevane å kjenne til? Kva for verdiar kan dette stoffet stille dei overfor? Kva for holdningar kan nettopp dette stoffet vere eigna til å skape? På kva for måtar gjer dette stoffet det mogeleg for elevane å øve seg i studiedugleik? Læraren må også vurdere arbeidsmåtane: Korleis skal ein leggje opp arbeidet med stoffet for at elevane skal nå målet med faget? Denne detaljerte planlegginga må stadig stå open for å bli revidert under inntrykk av reaksjonane hos elevane. 43. Samordning av fag Under planlegginga bør læraren også tenkje over om det kan vere fruktbart å samarbeide med lærarar som har andre fag i klassen. Det kan vere vanskeleg å gje generelle retningslinjer for eit slikt samarbeid, men det kan vere verdt å merke seg: Norsk tek opp religiøse og etiske emne i litteraturen, slik at deLher skulle vere mogeleg å samordne undervisninga med religionsfaget. Samfunnskunnskap tek opp sentrale emne som familien, yrkesetikk, politiske middel i maktkampen, målsetjing for offentleg politikk osv. Historie tek opp forholdet mellom kristendom og stat under Roma og mellomalderen, det nye livssynet under humanismen, reformasionen, problem som naturretten og menneskerettane under opplysningstida, religiøse kriser på 1800-talet osv. Viktige problemstillingar i tilknyting til økologi blir tekne opp både i naturfaga og i geografi Vidare bør ein vere klar over at det kan vere nødvendig å samordne fag når religion er valfag. Valfag som psykologi og filosofi kan også gjere det mogeleg å kaste lys over religiøse problem og forhold frå fleire synsvinklar. Når det gjeld arbeidsmåten elles, bør ein jamføre med bind I i læreplanen og med den metodiske rettleiinga.
Skann 18 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/18/