SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 13 skann 17

13 Levande religionar, deriblant framstillinga av kristendommen, og om lag ein tredel frå fagområdet Etikk og livssyn. Den resterande tredelen kan fordelast på begge fagområda eller brukast fullt ut på eitt av dei. I vidaregåande kurs 11, som byggjer på 2-årig grunnkurs, er fagområdet Kristendommen pensum. Ein må krevje at elevane har lagt ned ei rimeleg arbeidsmengd i faget. Den stoffmengda som skal lesast, er sterkt avhengig av kva karakter emnet har, og kva arbeidsform ein bruker i dei forskjellige emne. I tillegg til lærebokframstillingar må ein kunne bruke anna oppslagsstoff, avisreportasjar, temahefte, og kunne gjere bruk av lyd- og biletmateriell, ekskursjonar og gjestingar. Innafor enkelte emne vil det trengast svært mye lesing. Til andre emne, t.d. moralproblem, trengst det i tillegg til saksmaterialet mye tid til drøfting, kritisk analyse av løysingar, bruk av prinsipp osv. Det materialet elevane legg opp til eksamen, må såleis vere avhengig av dei arbeidsmåtane elevane har brukt gjennom skoleåret. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Kva for konsekvensar målet har for arbeidet med faget Dei kunnskapar og holdningar som er mål for faget, krev at elevane blir konfronterte med stoffet. Det er berre på den måten dei kan nå fram til eit personleg og sjølvstendig standpunkt. Dette er ei veldig utfordring til både presentasjonen og formidlinga av stoffet. Korkje fagstoffet eller læraren må stå i vegen for den konfrontasjon som må skje mellom religionar/livssyn og elevane. Det kan her igjen vere på sin plass å streke under at faget skal vere med på å auke forståinga og respekten for dei religiøse og etiske verdiane. 4.2. Arbeids- og undervisningsformer Ein kan t.d. bruke desse arbeidsformene i faget: übundne, munnlege aktivitetar ordskifte lesing og analyse av tekstar arbeid med større prosjekt med munnleg eller skriftleg framstilling Dersom fagstoffet er presentert på ein klar måte som viser problema, og legg forholda til rette for å samanlikne karakteristiske likskapar og ulikskapar, kan ein øve elevane opp til å arbeide systematisk med å løyse problem, framstille saker, vurdere, samanlikne, vege for og imot, følgje opp konsekvensar (i etikken) osv. Det er viktig at arbeidsmåtane varierer, både på grunn av stoffinnlæringa og på grunn av engasjementet hos elevane. Når ein skal velje arbeidsmåte, må ein ta omsyn til kva for emne ein skal formidle, og til kva for hjelpemiddel som står til rådvelde. Elevane bør lære å skilje mellom sak og vurdering. Ei saksframstilling bør i størst mogeleg grad trekkje inn fakta. Likevel skal ein vere klar over at måten ein vel ut fakta på, ofte må sjåast i samanheng med ein verdiheilskap.
Skann 17 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/17/