SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 12 skann 16

12 Elevane må få høve til å drøfte aktuelle livsproblem med utgangspunkt i etiske problemstillingar. Ein kan dels ta utgangspunkt i kva menneska gjennom tidene har vore opptekne av, dels av kva vi opplever som vesentlege etiske spørsmål i vår tid, men leggje hovudvekta på kva elevane ser på som eksistensielle problem. Stoffet skal gjere elevane kjende med ulike syn (også ulike kristne syn) på etiske problem og hjelpe dei til å arbeide vidare med sine fundamentale livsspørsmål. På den måten vil stoffet kunne vere med på å gje elevane både ei meir moden forståing av seg sjølve og eit sterkare samfunnsengasjement. Når ein fører inn viktige livssyn og verdiholdningar i undervisninga, vil det vere naturleg å ta opp grunndrag av kristen etikk, human-etikk, kristen og profan humanisme, materialisme, marxisme og pluralisme. Presentasjonen bør gjere det klart korleis eigeninteresse, interessefellesskap osv. skaper verdiholdningar av nokså avgjerande karakter både for den enkelte og i samfunnssamanheng. I delen om etiske-omgrep og grunngjevingar er det særleg viktig å gjere framstillinga enkel og forståeleg. Ein del omgrep må ein ta opp og forklare, t.d. etikk og moral, deskriptiv og normativ etikk, amoralsk og umoralsk sosialmoral og individualmoral, ansvar, skyld, synd, fridom, toleranse, rett og verdinøytralitet Av etiske problemområde vil det vere naturleg å ta opp menneskesynet, forholdet mellom individ og samfunn og mellommenneskelege forhold. Kvar lærebokforfattar må sjølv avgjere kva for emne han vil ta opp, kor grundig han skal behandle dei, og kva for rekkjefølgje dei skal kome i. Men det er viktig at lærestoffet er aktuelt, og at presentasjonen i læreboka ikkje blir for voluminøs. 3.4. Pensum Prinsipielt må ein hevde at elevane skal ha fridom til å velje fagstoff. Målet for faget impliserer likevel visse retningslinjer for stoffvalet. Elevane bør ha arbeidd med: 1. Under Levande religionar: Generell religionsgeografi og ei meir omfattande framstilling av ein ikkje-kristen religion. 2. Under Kristendommen: ei kortfatta framstilling av berande element i kristendommen, gjerne knytt til Kristi person, grunndrag av Lutherdommen, ein konfesjonsgeografi og ei meir omfattande framstilling av ein konfesjon. 3. Under Etikk og livssyn: ymse problemområde av individualetisk og sosialetisk karakter. Grunndrag av kristen etikk må vere med. I studieretning for allmenne fag vel ein om lag ein firedel av pensum frå kvart av dei tre fagområda: Levande religionar, Kristendommen og Etikk og livssyn. Den siste firedelen kan fordelast på alle fagområda, på to av dei, eller brukast til nærmare studium av eitt fagområde. 12-årige grunnkurs vel ein om lag ein tredel av pensum frå fagområdet
Skann 16 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/16/