SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 11 skann 15

11 og om verdien av frelsa. Ein bør kaste lys over sakramenta og over den vekt visse kristendomstolkingar legg på kyrkja når dei skal svare på frelsespørsmålet. Her er det tenkt på kyrkja som uttrykk for Guds rike i funksjon. I Det vil vere verdifullt å ta for seg etiske spørsmål i tilknyting til dei kristne grunntankane, slik at elevane alt her kan få presentert grunnlaget for og hovudlinjene i den kristne etikken. Dersom det fell naturleg, kan presentere dette meir samla. Konfesjonskunnskap skal gje elevane ei innføring i dei forskjellige kristne kyrkjesamfunna. Her bør ein leggje vekt på korleis desse samfunna sjølve ser på si eigenart og sitt særpreg. Ein bør ta for seg den aktuelle utforminga av dei og korleis dei kan vere til hjelp for elevane når dei skal orientere seg i tilværet. Her kan ein også trekkje fram dei reformforsøka som enkelte kyrkjesamfunn har gjort i vår tid, t.d. den katolske kyrkja. Det er nødvendig å kjenne litt til opphavet og historia til ein konfesjon for å forstå han slik vi møter han i dag, men det vil ikkje seie at presentasjonen helst bør vere historisk. Dei forskjellige ideal av kristenliv og kristen gudstru som dei ulike konfesjonar representerer, bøT kome tydeleg fram, like eins den rolle konfesjonane speler i livet til kvar truande og for ulike område av samfunnslivet. Ein bør leggje vekt på å få fram ikkje berre det som skil konfesjonane frå kvarandre, men også det som er felles - det økumeniske perspektivet Det er naturleg at kyrkjer og kristne samfunn som speler ei vesentleg rolle i vår del av verda, blir presenterte. Men ein bør også kome inn på situasjonen til dei unge afro-asiatiske kyrkjene med vekt på forholda i dag ut frå arbeidet til den kristne misjonen. På same måten bør ein kome inn på den aktuelle religiøse situasjonen i Nord- og Sør-Amerika. I ei lærebok kan vi tenkje oss at desse kyrkjene og kristne samfunna er behandla: den ortodokse kyrkja den romersk-katorske kyrkja lutherdommen den reformerte kyrkja den anglikanske kyrkja metodismen pinsekyrkjelydane adventistane vennesamfunna (kvekarane) frelsesarmeen den økumeniske rørsla samfunn i særstilling: Jehovas vitne mormonane Christian Science. I tilknyting til lærestoffet kan det vere ei fyldig tekstsamling. Etikk og livssyn kan omfatte ei kort innføring i viktige livssyn og ver- j diholdningar, ei kort framstilling av viktige etiske omgrep og grunngjevingar, og ei meir omfattande drøfting av eit utval etiske problemområde.
Skann 15 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/15/