SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 147 skann 151

147 I dei vidaregåande kursa i studieretning for allmenne fag og i valfag (jf. bind IV av læreplanen), vil ein kunne ta opp grammatikk/språklære som eit spesielt emne. Det er eit siktepunkt for undervisninga at elevane lærer seg den grammatiske terminologien som trengst for å gje språklege forklaringar og for å kunne forstå vanlege feil i språkbruken. Elevane må lære seg å bruke sentrale grammatiske former og setningsmønster aktivt, slik ein finn dei i vanleg språkbruk. Den grammatiske terminologien som blir brukt i den vidaregåande skolen, må så langt råd er samsvare med det elevane har lært i grunnskolen, slik at ein kan unngå forvirring av omgrepa. 43. Undervisningsformer Dei undervisningsformene ein kan bruke, er avhengige av kva for språkkurs det er tale om, av føresetnadene hos elevane og av dei samla hjelpemidla og romma som står til disposisjon. Det er ein føresetnad i fagplanen at ein varierer mellom ulike undervisningsformer i dei enkelte årskursa. Dette trengst både for differensieringa og for å skape nødvendig avveksling i arbeidssituasjonen. Så langt råd er må ein prøve å veksle mellom ulike, undervisningsformer i ei ordning som elevane kjenner til og kan ha nytte av. Desse hovudkrava bør ein stille til alle undervisningsformer som blir brukte: å skape ein positiv atmosfære for arbeid og læring motivering å organisere undervisninga godt når det gjeld emne, hjelpemiddel og arbeidsformer organisasjon å presentere eller demonstrere stoffet mest mogeleg klart og konkret - konkretisering å stimulere elevane til aktivitet aktivisering å avklare og feste momenta for læringa oppsummering. Gruppearbeid Ved å bruke gruppearbeid kan ein variere undervisninga, utvikle evna hos elevane til å samarbeide og øve dei i å planleggje og gjennomføre ei oppgåve. Føresetnadene til elevane og typen av oppgåve vil bestemme omfanget av gruppearbeidet For at ein skal lære ved gruppearbeid, er det viktig at alle elevane er aktivt med ut frå sine eigne føresetnader. Ein bør prøve å variere samansetjinga av gruppene i rimeleg grad. Undervisninga gjennom gruppearbeid kan gå for seg ved å organisere gruppene å planleggje oppgåver og emne for gruppearbeidet å rettleie og informere gruppene under arbeidet
Skann 151 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 147». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/151/