SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 148 skann 152

148 å hjelpe til med å summere opp og avklare arbeidsresultatet. I tida inntil elevane kjenner arbeidsmåten, bør gruppearbeida vere korte og ikkje vare meir enn ein skoletime, eventuelt mindre. Undervisning i storklasse Det kan vere aktuelt å undervise i storklasse i språkfaga i emne der det ikkje er viktig med øving, td. når ein skal informere om samfunns- og kulturforhold ved foredrag, demonstrasjon, filmframvising og fjernsynsprogram. Undervisninga i storklasse stiller særlege krav til å framstille stoffet oversiktleg så alle elevane kan følgje med. Her bør ein bruke audiovisuelle hjelpemiddel for å kunne demonstrere stoffet så klart som mogeleg. Ein må leggje undervisninga opp slik at elevane får høve til å notere. Undervisninga i storklasse vil i mange tilfelle krevje at ein legg spesielle oppgåver til rette på førehand, og at ein arbeider vidare i mindre grupper med det stoffet som blir gjennomgått. Undervisning i språklaboratorium Ved å bruke språklaboratorium kan ein gje elevane betre høve til språkleg øving og individuelt arbeid. Denne forma for undervisning og øving stiller spesielle krav: oppgåva eller øvinga bør ha eit klart og avgrensa mål øvingane bør vanlegvis vere etter måten korte og konsentrerte og følgje ein bestemt plan - varierte øvingar er nødvendige for å unngå at læringa blir for monoton - stoff som blir behandla på denne måten, bør elevane vanlegvis arbei de vidare med i friare samanheng. Individuelt arbeid Individuelt arbeid gjer det mogeleg å undervise den enkelte eleven særskilt Læraren og eleven bør planleggje og gjennomføre oppgåvene saman, og leggje dei opp slik at dei både fremjar den faglege læringa og øver eleven i sjølvstendig arbeid. Øving i sjølvstendig arbeid er ein av føresetnadene for at ein. skal kunne gjennomføre differensiering. I dei fleste klassane eller gruppene vil det vere svært forskjellig kva elevane kan greie av sjølvstendig arbeid. Det er derfor viktig at oppgåvene er rimelege i omfang og vanskegrad. Det sjølvstendige arbeidet må ta til med små oppgåver som elevane kan gjere på kort tid. Etterkvart som elevane får meir øving, kan ein gje elevane fleire og større oppgåver.
Skann 152 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 148». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/152/