SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 140 skann 144

140 Engelsk (grunnkurs i A-språk) Her bør elevane i alt lese ca. 300 sider over to år. Elevar som har kurs med engelsk handelskorrespondanse, les (i tillegg til korrespondansestoffet) ca. 200 sider over to år. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur (prosa og poesi), vesentleg frå vår eiga tid, og sakprosa. Inntil ca. halvparten av det samla lesestoffet, intensivt og ekstensivt, kan ha fagleg karakter. Stoff med fagleg karakter vil i første rekkje vere aktuelt i kurs med yrkeskombinasjonar. I engelsk handelskorrespondanse arbeider elevane med eit spesielt tilrettelagt stoff. Fransk, spansk og italiensk Desse tre faga er her behandla under eitt, da ein meiner det ikkje vil vere særleg stor skilnad mellom dei når det gjeld omfanget av det arbeidsstoffet ein kan gå gjennom i- kurs på same nivå. Grunnkurs i C-språk (begynnarsteget) I grunnkurs på 3+4 timar il. og 2. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1100-1500 ord. I grunnkurs på 5+5 timar i 2. og 3. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1200-1700 ord. I kurset på 5+5 timar bør elevane kunne lese ein del tekstar, ca. 30— 40 sider, i tillegg til det stoffet som finst i begynnarbøkene. Kor mye elevane kan lese i tillegg til stoffet i begynnarbøkene, vil variere alt etter forholda i klassen og etter kva lærebøker dei bruker. Grunnkurs iB-språk Elevane skal lese i alt ca. 100 sider over to år fordelt med om lag halvparten på kvart år. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa. Minimum ein tredel og maksimum halvparten bør vere sakprosa. Ein del av sakprosaen må handle om daglegliv, kultur- og samfunnsforhold i vedkomande land. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og i første rekkje vere frå det 20. hundreåret. I 2-årig grunnkurs med fire timar skal elevane lese ca. 50 sider. Tysk Grunnkurs i C-språk (begynnarsteget) I grunnkurs på 4 3 timar i det 1. og 2. året bør det aktive ordforrådet liggje på ca. 1200-1700 ord. I grunnkurs på 5 5 timar i det 2. og 3. året bør det aktive ordforrådet liggje på ca. 1500-2000 ord. Ut over det stoffet som begynnarbøkene inneheld, bør elevane i det største kurset kunne lese nokre frittståande tekstar, ca. 40—50 sider.
Skann 144 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 140». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/144/