SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 139 skann 143

139 3.2. Emneliste for dei forskjellige kursa Til opplæringa er det behov for forskjellige typar stoff på ulike steg. Grunnkurs i C-språk må ha desse typane materiell: - tekstar som omfatter både dialogar (daglegtale) og stoff av orienterande art. Ordforrådet i tekstane bør i så stor grad som mogeleg vere basert på ordfrekvenslister. Tekstane må vere av god kvalitet når det gjeld både språket og innhaldet. - arbeidsbok eller øvingsopplegg med eit rikeleg utval av systematiske øvingar - munnlege og skriftlege. Det er ønskjeleg at delar av øvingsopplegget så langt det er mogeleg er sjølvinstruerande. - systematisk grammatikk (eventuelt som eige hefte) til støtte for elevane sitt sjølvstendige arbeid med stoffet. - ordlister. I tilrettelagt lærestoff bør ordlistene vere tospråklege der det er nødvendig å gje elevane ei klar forståing av ord og uttrykk. - inntaling på lydband av eit rikeleg tekstutval (bl.a. dialogar) til lytteøving og munnleg øving. Banda bør vere inntalte av personar som har dette språket som morsmål. - visuelt materiell i form av illustrasjonar, stordias osv. rettleiingshefte for læraren. Lærebøkene for begynnarundervisninga bør innehalde stoff for ca. to års opplæring. Innhaldet bør passe for alderssteget og interessene til elevane. Grunnkurs i A- ogß-sprdk Til desse kursa vil ein måtte hente stoff frå ulike kjelder: - testantologiar med ordlister og eventuelt arbeidsbok og lærarrettleiing - systematiske språkøvingskurs, eller grammatikk med øvingshefte - skjønnlitteratur (eventuelt i tilpassa form), helst med ordlister - spesielle hefte med stoff av fagleg karakter - materiell frå skoleradioen og skolefjernsynet - tilleggsmateriell i form av emnehefte, stoff frå aviser, tidsskrifter, ungdomsblad, leselaboratorium eller anna sjølvinstruerande materiell - inntalt stoff på lydband med og utan tekstar, t.d. skjønnlitteratur og spesielt materiell til å øve opp taleforståinga - biletbandprogram, stordias, film og fjernsynsprogram - ordbøker, oppslagsbøker, bøker med bakgrunnsstoff osv. - oppgåvehefte. Omfanget av arbeidsstoffet i dei ulike språkfaga Om forholdet mellom intensivt og ekstensivt lesestoff, sjå punkt 3.3
Skann 143 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 139». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/143/