SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 137 skann 141

137 2.1. Kommentarar til målet Målet for språkopplæringa er her forsøkt presisert på to nivå: grunnkurs i C-språk (begynnarkurs) grunnkurs i A- og B-språk. Denne presiseringa av målet for opplæringa er meint som ei viss rettesnor for kva ein kan krevje på ulike steg i opplæringa. Når ein vurderer krava i dei ulike språkfaga og kursa, må ein t.d. ta omsyn til at engelsk har ei vesentleg lengre opplæringstid i grunnskolen enn B-språket. Like eins må ein t.d. ta omsyn til at opplæringa i russisk vil krevje ekstra tid til å lære eit nytt alfabet. Språkopplæringa siktar mot å vere til praktisk nytte for elevane sjølve og for det arbeidet dei skal gjere i samfunnet. Ein må derfor leggje vesentleg vekt på å utvikle elevane sin dugleik i å bruke språket. Dei enkelte delar som denne dugleiken omfattar, må ein prøve å integrere i ein heilskap, og på ein slik måte at det blir ein rimeleg balanse mellom dei. Gjennom opplæringa i språkfaga skal elevane få øving i ulike arbeidsmåtar sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre. Dei må få rettleiing og øving i å bruke slike hjelpemiddel som fremjar ei effektiv læring og orientering i faget. Opplæringa i språkfaga skal hjelpe elevane til å tileigne seg vedkomande språk så godt at dei kan bruke det for å skaffe seg kjennskap til og kome i kontakt med andre folk og kulturar. På den måten kan opplæringa vere med på å skape grunnlag for forståing mellom menneske frå ulike språksamfunn. Opplæringa i samisk Gjennom arbeidet med faget samisk skal elevane skaffe seg allsidig kjennskap til samisk kultur og få ei forståing for dei verdiar denne kulturen har som skapar av allmenne verdiar. Opplæringa skal hjelpe elevane til å utvikle eit enkelt og ledig daglegspråk, munnleg og skriftleg, slik at dei kan bruke språket både i yrkessamanheng og elles i kontakt med samisktalande. Gjennom arbeidet med tekstar av ulike slag skal eleven få del i dei estetiske og etiske verdiane som ligg i samisk prosa og poesi. Gjennom tekstlesing skal dei leggje grunnlaget for ein allsidig kjennskap til samisk kultur. Språkundervisninga vil på denne måten støtte undervisninga i samiske emne i ulike fag og styrkje forståinga hos elevane for all samisk kulturytring. 3. EMNEPLAN 3.1. Dei konsekvensar målet har for utvalet av arbeidsstoff Arbeidsstoffet må danne grunnlaget for systematisk språkleg opplæring. Dette kravet er lettast å fylle i begynnarundervisninga, som skal innehalde
Skann 141 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 137». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/141/