SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 136 skann 140

136 vere delte på ein annen måte, jfr. den generelle delen av Læreplan for den vidaregåande skolen (bind I). 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget skal elevane - utvikle evna til å forstå det framande språket i tale og skrift - utvikle dugleik i å bruke, språket munnleg og skriftleg - utvide kjennskapen til samfunns- og kulturforholda i det språkområdet det er tale om skaffe seg eit grunnlag for vidare læring og orientering gjennom det språket dei tileignar seg, og fremje si personlege utvikling. Dette generelle målet gjeld for alle kursa i moderne framandspråk i den vidaregåande skolen og danner grunnlaget for dei spesielle måla for ulike kurs. Grunnkurs i C-språk fbegynnarstegetj Ved utgangen av grunnkurset i C-språk - etter ca. to års opplæring - skal elevane innanfor ramma av det arbeidsstoffet som er gjennomgått, kunne forstå enkel daglegtale - gjere seg forstått munnleg med god uttale i enkel samanheng lese og forstå enkle tekstar - bruke språket munnleg og skriftleg i enkle brev, meldingar, stilar 0.1. ha noko kjennskap til dagleglivet i vedkomande språkområde. Grunnkurs i A- og B-språk Ved utgangen av desse kursa skal elevane innanfor ramma av det språkstoffet som er gjennomgått, kunne forstå daglegtale om allmenne emne bruke språket med god uttale om emne frå dagleglivet lese og forstå tekstar på eit rimeleg språkleg nivå for årssteget bruke språket i noko friare framstillingar (t.d. brev, samandrag, stilar) om daglegdagse og allmenne emne ha noko kjennskap til dagleglivet og samfunnsforholda i vedkomande språkområde.
Skann 140 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 136». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/140/