SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 105 skann 109

105 5. VURDERING Vurderinga må knytast til elevane sitt daglege arbeid og bli ein naturleg del av skolearbeidet. Når elevane har fullført årskurset, skal dei ha standpunktkarakterar i - norsk munnleg - norsk hovudmål skriftleg norsk sidemål skriftleg Vurderinga må byggje på målet for faget og på det stoffet som elevane har arbeidd med. I målet for faget er skriftleg og munnleg bruk av språket jamstelt. Arbeidet med munnlege språkøvingar må tilretteleggjast slik at jamstellinga blir reell. I vurderinga av skriftleg og munnleg dugleik må det leggjast vekt på at elevane kan ordleggje seg greitt og beintfram, og på innsikt, tame og kunnskapar som elevane viser. Då læring er ein utviklingsprosess, må ein ta omsyn til skriftlege særoppgåver, prosjektarbeid og anna som elevane har arbeidd med på eiga hand og i samarbeid med andre. Elevane kan nytte ulike arbeidsmåtar. Vurderinga av elevane sine arbeidsmåtar bør skje ut frå den vekta dei ulike arbeidsmåtane har i høve til målet for faget. Prøver må gli inn som naturlege delar av undervisninga og bør organiserast slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner at eleven kan setje seg inn i eit emne, ordne det og gjere greie for det. Prøver i sidemålet skal vere enklare enn prøver i hovudmålet. 5.1 Standpunktkarakterar Standpunktkarakteren skal uttrykkje elevane sine prestasjonar i høve til heile målsetjinga for faget. Standpunktkarakteren må såleis byggje på elevane sitt arbeid gjennom heile skoleåret, både individuelt og i gruppesamanheng, og ikke berre bli knytt til enkeltståande prøve resultat. 5.1.1 Vurderingsformer Både for skriftlege og munnlege prøver kan det nyttast gruppeprøving og gruppevurdering når føresetnadene ligg til rette for det. Prøver som skal dekkje fagområdet kommunikasjon, bør vere munnlege, og det bør leggjast vekt på å sjå til gode både individuelle og kollektive prøvingsformer. Prøving av korleis elevane meistrar dei formelle framgangsmåtar når det gjeld tilrettelegging av møte og andri samkomer, bør organiserast slik at elevane får høve til å vise kva dei kan gjennom praktiske gjeremål.
Skann 109 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/109/