SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 106 skann 110

106 5.2 Eksamen Det kan haldast ein skriftleg eksamen i hovudmål og ein i sidemål og munnleg eksamen i faget. Skriftlege prøver: 5 timar. Tillate hjelpemiddel til skriftleg prøve: Sidemålsordliste. Eksaminandar som har nynorsk som sidemål, kan bruke sidemålsordliste med fornorskningstillegg (ikkje ordbok) som hjelpemiddel. Skriftleg eksamen skal knytast til oppgåver der eleven på individuell basis kan få dokumentere kunnskapar og tame i skriftlege disiplinar. Munnleg eksamen skal knytast til oppgåver der elevane på individuell og/eller kollektiv basis kan få dokumentere kunnskapar og tame i munnlege disiplinar. I oppgåver søm går ut på å prøve elevane sin praktiske dugleik i kommunikasjon, kan gruppeeksamen nyttast. 6. HJELPEMIDDEL Til undervisninga i morsmålet må skolen ha: eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur på både hovudmålet og sidemålet skolekringkastingsprogram, klassesett av teksthefta og lydband med god teknisk kvalitet utval av innlesen skjønnlitteratur på lydband eller plater eit godt utval av sakprosastoff i klassesett - oppslagsbøker og hjelpebøker for opplæringa i språkleg kommunikasjon eit godt utval av norsk skjønnlitteratur, særleg nyare litteratur, i enkeltbind i skolebiblioteket tekniske hjelpemiddel som lydbandspelar/kassettspelar, platespelar, skriftprosjektør (overheadprojector), filmapparat, diasframvisar og utstyr til å kopiere tekstar og bilete ei høveleg litteraturhistorie
Skann 110 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 106». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/110/