SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 104 skann 108

104 4.3 Undervisningsformer Læraren bør skifte mellom ulike undervisningsformer ut frå kvar elevs føresetnader, ønske og emneområde, så vel som ut frå dei ressursar skolen har. Ein bør variere mellom klasseundervisning og gruppeundervisning. Ved meir differensierte arbeidsformer bør gruppearbeidsforma veljast. Arbeidssituasjonen på skolen bør i så stor mon som mogleg gjerast lik den elevane vil møte seinare i livet, anten det gjeld framtidige yrkesfunksjonar eller vidare studium. 4.4 Organisasjonsformer Slik studieretninga for handels- og kontorfag er bygd opp, aukar den faglege spesialiseringa med klassestega. Vidaregåande kurs II vil til dømes tilby ei større fagleg spesialisering enn vidaregåande kurs I. Ein kan difor kanskje vente noko meir homogene elevgrupperingar i dei ulike klasser/ liner på 3. årssteget. Differensieringa vil vel difor helst gå på vektlegging av emneområde og på at ein legg til grunn ulike prioriteringar i val av arbeidsstoff. Linedelinga legg i ein viss mon opp til ei slik differensiering. Men innan kvar line vil norskfaget by elevane rike høve til differensiering etter interesse, t.d. gjennom val av litteratur emne for særoppgåver/foredrag konferansetema - valfrie emne etter fagplanen Når det gjeld litteratur, vil differensieringa kunne skje gjennom val innan så vel sakprosa som skjønnlitteratur. Elles kan ein differensiere gjennom val av emne som klassen kan ta opp eller som elevane arbeider med i grupper eller enkeltvis. Variasjonar i val av prosjekt og arbeidsmåtar er i seg sjølv differensiering som kan tene til å gi motiverande impulsar til å byggje vidare på. 4.5 Koordinering med andre fag Den store valfridomen som særmerkjer faget Norsk og kommunikasjon, gjer det lett å få til integrering med andre fagområde. Gjennom emnevala kan ein hente stoff frå slike reine yrkesfag som Marknadsføring (sal og . reklame, organisasjon osv.). Det vil 6g vere mogleg å koordinere arbeidsformene. Tilrettelegging av møte og konferansar vil ha naturleg tilknyting til organisasjonsfaget. Det same vil arbeid i grupper ha.
Skann 108 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 104». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/108/