SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 6 skann 10

Av di fagplanane er rettleiande (§5 i Lov om vidaregåande opplæring), gjev dei høve til ulike val av emne og til ulik vektlegging/fordjuping. Vurderingskapitla i fagplanane har rettleiing om korleis ein skal vurdere elevane sine prestasjonar i undervisninga. Føresegner om eksamen - bla. på kva for årssteg det skal vere eksamen - vil bli gjevne i eige eksamensreglement og i rundskriv. Oslo, mars 1976 Kyrkje- og undervisningsdepartementet I andre utgåva er ikkje norskplanane for studieretning for handels- og kontorfag tekne med. Desse planane står i del 3 d av læreplanen. Alternativ plan i norsk for framandspråklege elevar i studieretning for allmenne fag er teken inn. Planen for samfunnsfag er revidert når det gjeld disiplinane historie og samfunnskunnskap. Oslo, 1982 I tredje utgåva er norskplanane for studieretning for handels- og kontorfag (3-4-4-timarskurs) tekne med. Planane for norsk med samfunnskunnskap (2 (3)-timarskurs) og kroppsøving/fysisk fostring er reviderte. Oslo, 1983. I 4. utgåva er fylgjande nye fagplanar tekne med: alternativ fagplan i norsk for framandspråklege elevar i grunnkurs i studieretning for handels- og kontorfag, og fagplan i norsk m/samfunnsfag for framandspråklege elevar i innføringsklassar i vidaregåande skole. Oslo, 1985.
Skann 10 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/10/