SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 5 skann 9

5 Forord Under leiing av Forsøksrådet for skoleverket tok ein hausten 1968 til med å utarbeide fagplanar etter dei retningslinjene som Gymnasutvalet og Skolekomiteen av 1965 hadde trekt opp. Dei første planane vart ferdige våren 1969. Sidan den gongen har Forsøksrådet revidert og justert planane fleire gonger på grunnlag av røynsler frå forsøksundervisninga og fråsegner frå dei som har hatt planane til gjennomsyn. Planane vil og i åra som kjem bli justerte i samråd med dei som skal bruke dei. Innhaldet i denne utgåva av del 2, felles allmenne fag, byggjer på Forsøksrådet si utgåve frå juli 1974. Men tre nye fagplanar er komne til: Samisk (som hovudmål, sidemål og framandspråk), eit kurs i norsk på tre veketimar som tidlegare har vore nytta i studieretning for handelsog kontorfag og ein plan for norsk (og saksbehandling) i studieretning for handels- og kontorfag, vidaregåande kurs I. Del 2 inneheld berre ein fagplan for kroppsøving/fysisk fostring. Denne planen kan brukast i alle studieretningane. Ved revisjonen i 1975 vart det teke omsyn til §5 i lova som seier at fagplanane skal vere rettleiande. Det er grunn til å streke under denne skilnaden frå tidlegare fagplanar. Dei nye fagplanane må ein ikkje sjå på som minstekrav, men rammer som ein kan velje stoff innafor. I formålsparagrafen til den vidaregåande skolen står det at skolen skal fremje økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Dette har ein prøvd å konkretisere gjennom måla og emnevalet i fagplanane. Men det er likevel relativt få endringar i desse nye planane. Del 2 er godkjend av Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå skoleåret 1976/77 i eitt-årige og to-årige grunnkurs og i vidaregåande kurs. Den siste revisjonen har ikkje ført til større endringar enn at klassar som nytta forsøksplanane på første årssteget i 1975/76, kan gå over til dei reviderte fagplanane på andre årssteget i 1976/77.
Skann 9 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/9/