SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 7 skann 11

7 Religion 1. GENERELL INFORMASJON Religion høyrer til dei felles allmenne fag i studieretning for allmenne fag, 2-årige grunnkurs og vidaregåande kurs 11. Elevane kan bli fritekne frå faget slik det går fram av lov om vidaregåande opplæring, § 5 siste ledd. Faget har tre veketimar over tre år i studieretning for allmenne fag. I 2-årige grunnkurs har faget to veketimar over to år. I vidaregåande kurs II med felles allmenne fag har faget ein veketime. I fagfordelingsplanane fjnn ein framlegg til korleis timane kan fordelast på årsstega. Elevane skal gjerast kjende med fagplanen. Dei kan saman med faglæraren bestemme rekkjefølgja av fagområdet, innhaldet av faget og arbeidsmåten innanfor dei grensene som fagplanen set. - 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget religion skal elevane få auka kjennskap til og betre innsikt i det religiøse livet i verda i dag tileigne seg ei djupare forståing av kristendommen lære å kjenne nokre av dei konfesjonelle utformingane av kristendommen utvikle evna til å leve seg inn i, forstå og respektere religiøse og etiske verdiar bli konfronterte med rådande problemstillingar i dagens moral- og livssynsdebatt få drøft og kasta lys over sine eigne fundamentale livssynsproblem bli stimulerte til varig interesse for og aktiv holdning til livsspørsmål og samfunnsproblem. 2.1. Kommentarar til måla Faget religion har som særleg oppgåve å gjere det klart for elevane at det i alle religionar, konfesjonar, ideologiar og livssyn dreiar seg om ulike svar
Skann 11 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/11/