SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 93 skann 95

93 Sentralt i vurderinga i språkfaga står dei fire dugleikane som alle er hovudmoment i målet. Dette kan vere ei rettesnor for det forholdet det kan vere mellom dei når ein set karakterar: - evna til å forstå det talte språket ca. 20 % - evna til sjølv å tale språket ca. 30 % - evna til å lese og forstå tekst ca. 20 % - evna til å uttrykkje seg skriftleg ca. 30 % Det skal ikkje her vere tale om reint mekanisk å rekne ut karakterar ut frå desse prosenttala, men dei kan vere til ei viss hjelp når ein skal vurdere det elevane presterer i dei ulike delane av faget. Den grunnleggjande dugleiken som må vurderast, er om elevane kan forstå og gjere seg forstått på det nivået som kurset legg opp til. Dernest må ein i vurderinga i aukande grad leggje vekt på kor greitt, rett og variert elevane kan bruke språket. 1 grunnkurs A- og B-språk vil ein måtte leggje noko vekt på kjennskap til eller innsikt i det saklege innhaldet i det undervisningsstoffet ein arbeider med. Det kan gjelde kunnskap om samfunns- og kulturforhold i vedkomande språkområde, og det kan gjelde kjennskap til allmenne reglar for praktisk språkbruk. Det kan også t.d. gjelde kunnskap i handelskorrespondanse i dei kursa som gjev slik opplæring. Vurderinga vil bli gjord dels på grunnlag av den kjennskapen læraren skaffar seg til elevens språklege dugleik gjennom det daglege skolearbei- det, og dels gjennom meir spesielle prøver. Når det gjeld munnleg, vil læraren t.d. ut frå lesing og samtalar få eit inntrykk av kor mye eleven kan. Ein kan også bruke meir spesielle prøver, t.d. i uttale og intonasjon. Dei prøvene som blir brukte ved vurderinga, bør variere, slik at eleven kan få vise kva han kan på ulike område. Etter kvart som dugleiken aukar, skal ein leggje meir vekt på sjølvstendig bruk av språket. I den samla vurderinga av arbeidet til eleven må læraren ta med prøver i dei språklege evnene. Ein bør leggje prøvene slik opp at minnet ikkje blir ein avgjerande faktor for resultatet. Elevar med skrivevanskar av ymse slag bør få høve til å vege opp dette ved munnlege prestasjonar i faget. Elevar med talevanskar bør tilsvarande få høve til å vege opp ved skriftlege prestasjonar. Ved vurderinga skal ein ta omsyn til det ekstraarbeidet som eleven kan ha gjort i faget. Ei prøve kan omfatte ein eller fleire dugleikar. Evna til å forstå talt språk og evna til å tale språket kan ein t.d. slå saman til ei form for munnleg prøve, mens leseforståing og evna til å skrive språket kan slåast saman til ei form for skriftleg prøve. Ein må leggje opp prøvene etter den arbeidsforma som har vore brukt. Prøveformene skal best mogeleg fremje alle sidene av målet for faget.
Skann 95 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/95/