SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 92 skann 94

92 Ved tempodifferensiering prøver ein å kome arbeidsevna og arbeidstempoet hos den einskilde eleven i mote. Elevane kan gjere seg ferdige med eit emne på ulik tid, og det må da vere mogeleg for dei som arbeider raskt, å få stoff som fører vidare anten i det same emnet eller i eit anna. 4.5. Studieteknikk Rettleiing i studieteknikk kan elevane få dels samla for faget i førstninga av kurset, og dels for dei enkelte aktivitetane etter kvart som dei blir tekne opp i undervisninga. Rettleiinga må vise elevane korleis dei kan skaffe seg oversikt over eit stoff, finne fram til hovudpunkt, skilje mellom vesent leg og uvesentleg, repetere og samanfatte. Elevane må få rettleiing i å notere og lage samandrag, og i å ordne stoffet slik at det kan brukast seinare, t.d. til oppgåveskriving eller gjennomgåing på skolen. Elevane må få orientering om dei hjelpemidla skolen har til rådvelde for arbeidet med faget, slik at dei kan nytte det arbeidsstoffet dei har sjølve saman med det som finst på skolen. 4.6. Planlegging Ein skal planleggje undervisninga ut frå den føresetnad at kvart årskurs så langt råd er skal utgjere ei eining som ein kan byggje vidare på i neste årskurs. Fagplanen gjev læraren etter måten stor valfridom når det gjeld å leggje opp undervisninga i faget. Denne valfridomen krev at læraren har oversikt over innhaldet og læregangen i heile kurset, t.d. med omsyn til kva for stoff ein skal lese, gangen i den praktiske opplæringa, oppgåver osv. I førstninga av skoleåret må elevane få orientering om målet for og innhaldet av den årseininga dei skal ta til med. Den planen læraren har lagt på førehand, må ein sjølvsagt kunne endre når det eventuelt viser seg nødvendig. Dette er særleg viktig det første året da læraren ikkje kjenner elevane og arbeidskapasiteten deira så godt. Den planlegginga som blir gjennomført for kvar årseining, må omfatte eit oversyn over alle dei ulike arbeidsmåtane som ein tenkjer å bruke, kva slags lærestoff og hjelpemiddel ein kan bruke, korleis ein eventuelt kan dele undervisninga i periodar, tidspunkt for prøver osv. 5. VURDERING For kvart årssteg skal elevane ha ein standpunktkarakter for skriftlege og munnlege prestasjonar. Vurderinga må byggje på målet for opplæringa. Dei særskilde måla for kursa på dei ulike stega vil saman med det generelle målet for alle språkfaga vere ei viss rettesnor for dei krava som kan bli stilte.
Skann 94 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 92». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/94/