SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 94 skann 96

6. HJELPEMIDDEL Dei hjelpemidla som blir brukte i språkopplæringa, må kunne bidra til å realisere desse tre hovudintensjonane i fagplanen: effektiv fagleg læring - differensiert undervisningsopplegg øving i ulike former for sjølvstendig arbeid og samarbeid. Dette stiller særlege krav både til dei hjelpemidla eleven må ha, og til det lærestoffet og utstyret skolen må ha. Lærestoffet må omfatte desse hovudtypane av stoff: eit godt utval av klassesett (eller gruppesett) og enkeltbind av skjønnlitteratur, eventuelt i tilpassa (adapterte) utgåver eit godt utval av fagprega eller orienterande stoff for ulike nivå i klasse sett eller enkelthefte - eit høveleg utval av inntalt språkstoff, skjønnlitteratur, sakprosa, spesielt stoff for å øve opp evna til å forstå tale osv. - aviser, tidsskrifter og oppslagsverk. Dei tekniske hjelpemidla som skolen bør ha, omfattar - lydbandopptakar og/eller kassettspelar for fellesundervisning i klassen og for gruppearbeid eller individuelt arbeid skriveprojektor ("overheadprojector") filmapparat, filmband/biletprojektor, fjernsynsapparat eventuelt språklaboratorium. Det er avgjerande for ei effektiv utnytting av dei hjelpemidla som skolen rar over, at dei er ordna og i god stand, slik at ein kan setje dei inn i undervisninga straks det er behov for dei. Hjelpemidla for språkundervisninga må ein samle på ein sentral stad på skolen, slik at det ikkje blir for tungvint eller tidkrevjande å transportere materiellet. I klasserom som blir brukt til språkundervisning, bor det vere fast bandopptakar/kassettspelar med ekstra hogtalar, skriveprojektor med lerret, lettvint tilkopling til andre projeksjonsapparat og enkelt blendingsarrangement. For å kunne realisere ei differensiert undervisning er det avgjerande at læraren har gode hjelpemiddel og hove til å bruke grupperom og individuelle studieplassar.
Skann 96 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 94». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/96/