SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 91 skann 93

91 Heimearbeid Heimearbeidet er ei vidareføring av undervisninga og arbeidet på skolen, og det er derfor viktig at det er samanheng mellom skolearbeidet og heimearbeidet. Elevane må få god greie på oppgåvene for heimearbeidet og korleis dei skal gjere arbeidet. Omfanget av heimearbeidet må vere overkomeleg på den tida elevane har til disposisjon. Lærarane i same klassen bør sjå til at tida for heimearbeidet blir rimeleg fordelt mellom faga, slik at det ikkje blir for stort og ujamt arbeidspress for elevane. Lærarane må ta elevane med på råd når dei planlegg og samordnar heimearbeidet. På den måten blir elevane medansvarlege for at tidsramma blir halden. 4.4. Organisasjonsformer Det er ein føresetnad at skolen har høve til, etter nærmare retningslinjer, å nytte organisatorisk differensiering med formålstenlege arbeidsgrupper for å kunne gje undervisningstilbod som passar det faglege grunnlaget og føresetnadene hos kvar einskild elev. Dei forskjellige gruppene eller klassane arbeider altså etter den same fagplanen, mot det same målet og mot ei felles vurdering, men med eit arbeidsstoff som heilt eller delvis er lagt til rette etter ulike faglege nivå. Av omsyn til felles vurdering er det likevel nødvendig at dei ulike kursa eller nivåa har ein felles kjerne med stoff av allmenn karakter. Eit særtrekk ved språkundervisninga er at ein vesentleg del av arbeidet består av øving. Av praktiske grunnar må ein vesentleg del av denne øvinga skje samla med gruppa eller klassen under leiing av læraren. Særleg gjeld dette den munnlege øvinga. Dette krev at elevane i klassen er på eit såpass likt fagleg nivå at dei har rimeleg utbyte av å arbeide med eit felles stoff. I dei klassane eller gruppene som skolen kan setje opp for språkundervisninga, og som i større eller mindre grad kan vere organisatorisk differer* sierte, vil det vere behov for pedagogisk differensiering for å kome interessene, det faglege nivået og arbeidskapasiteten hos elevane i møte. Differensiering innanfor klassen kan skje på fleire måtar: Ved stoffleg differensiering prøver ein å kome i møte dei ulike interessene som elevane kan ha, t.d. ut frå yrkesbehov. I språkfaga vil det vere ulike emne på dei forskjellige linjene til meir direkte stoff med vekt på yrke, t.d. i tekniske emne. Ved nivådifferensiering prøver ein å leggje undervisninga og arbeidet opp til føresetnadene hos kvar einskild elev. I språkfaga vil det seie at ein i same klassen kan måtte arbeide med stoff av ulik vanskegrad for ulike grupper av elevar i ein del av undervisningstida. Dette krev at ein har lærestoff som til ein viss grad er lagt til rette for sjølvstendig arbeid.
Skann 93 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 91». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/93/